Politiet er tidleg i etterforskinga av husbrannen på Skeide i Ulstein tysdag, men har allereie kome til ein førebels konklusjon:
– Vi ser det som sannsynleg at brannen starta i tilknyting til mopedbilen som stod parkert på utsida av huset, seier fungerande lensmann Leif Arne Mork til smp.no.
Kva som er grunnen til at det tok til å brenne ved eller i mopedbilen er førebels ikkje klart.
Mopedbilen er totalt utbrent.
– Grunnen til at vi konkluderer med at brannen starta i tilknytning til mopedbilen, er brannbilde på staden og vitneobservasjonar, forklarar Mork.
Mopedbilen har elektrisk framdrift. Ifølge Vikebladet/Vestposten stod mopedbilen på lading og avisa skriv at det truleg byrja å brenne fordi batteriet på mopedbilen eksploderte.
Men der har politiet ikkje konkludert, ifølge Mork.
– Vi går utifrå at mopedbilen stod på ein parkeringsplass like ved huset. Men om det er eit ladepunkt der, og om mopedbilen stod på lading før det tok til å brenne, det veit vi ikkje. Dette må eventuelt vidare etterforsking avdekke, seier han til smp.no.
Det var klokka 10.54 tysdag at politiet fekk melding om stor røykutvikling frå einebustaden på Skeide i Ulstein.
Det bur to personar i huset, den eine av dei var i huset då brannen starta, ifølge Mork.
Vedkomande kom seg ut og skal ha forsøkt å slokke brannen med eit brannslokkingsapparat, utan å lukkast. Brannvesenet fekk etter kvart kontroll over brannen, men varme- og røykutviklinga var omfattande og skadane på huset vart store.
To personar vart sendt til sjukehus for observasjon, men det er ikkje meldt om alvorlege personskader etter brannen.