Dette seier Simon Daniel Rønnestad (17), fullt oppteken med å registrere søppel under Herøybrua i Herøy kommune. Guten brukar penn og skjema til å notere det som klassekameratane samlar inn denne vakre fredagsettermiddagen.

Simon er med i klassa studieretning for Naturbruk I ved Herøy v.g. skule. Denne klassa tok oppmodinga frå Fiskebåt og frå Norges råfisklag på strak arm, om å samle inn plastsøppel i eigne fjøresteinar.

Stipend

Kva er dette? Eit kjøleskap er mellom alt som vert henta inn. Foto: Knut Arne Aarset

Fiskebåt har sett i gang ein landsomfattande kampanje der laget gjev stipend til 17 ulike lag og skuleklassar. Kvart lag eller klasse får ein sum på 5.000 kroner for å engasjere seg. Formidlingsleiar Odd Kristian Dahle forklarer satsinga:

– Vi ser dette som svært viktig. Mange vil ha fått med seg fokuset på den alvorlege situasjonen med ureining av havet, og då særleg med plastskrot i ulike former, seier Dahle.

Han er personleg med på ryddeaksjonen, som føregår på eit avgrensa fjørestrekke under nordsida av Herøybrua.

Den tretten elevar og to lærarar sterke vidaregåande klassen har med seg eit stort tal sterke plastposar til å samle fjøresøppelet i. Etter berre ein halvtimes innsats er sekkane fulle, og elevane må no til med å legge i land alt det dei finn.

Dokumentasjon er viktig i alle seriøse prosessar, slik også i denne ryddegjengen. Simen Daniel Rønnestad fører pennen over kvite skjema, og har nok av punkt å fylle ut.

– Vårt eige nærområde

Ein god selfie – av godt samfunnsarbeid – er ikkje å forakte. Elevar frå Herøy v.g. skule samla plast med liv og lyst. Foto: Knut Arne Aarset

– Kva synest du om å vere med på ein slik aksjon?

– Det synest eg er heilt flott. Eg bur sjølv oppe i bakkane her, og eg synest dermed det er ekstra bra at vi får rydda opp i vårt eige nærområde, seier Daniel. Han er førebels ikkje skråsikker på at han vert fiskar og dermed lokal havbrukar, slik dei fleste av klassekameratane har bestemt seg for.

– Kanskje, men eg er ikkje sikker. Uansett er eg veldig glad for at vi får rydda i alt skrotet i fjøra her, seier Simen. Sunnmørsposten kan raskt registrere at det er ein entusiastisk tone i gjengen som fyller plastsekk etter plastsekk med plast. Og isopor. Og anna mykje rart med både plast og ulikt anna i seg. Etterpå ventar ein god pause med is og det heile på «Lanternen» i enden av brua.

– Eg har fått inntrykk av at desse elevane neppe kjem til å hive ispapiret sitt si fjøra, ler Odd Kristian Dahle i Fiskebåt.