Elevar tok utfordringa frå Fiskebåt på strak arm

– Eit hav utan plastskrot

– Eg veit ikkje om eg vert fiskar i framtida, men vi må uansett ha eit hav utan plastskrot!

Klasseinnsats Elevane ved naturlivslinja ved Herøy v.g. skule tok ryddeoppgåva på stort alvor og dei fann store mengder plast og anna søppel på ei kort strandline under Herøybrua fredag ettermiddag. T.v. Odd Kristian Dahle frå Fiskebåt, til høgre Lise Chapman frå Herøy v.g. skule.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Dette seier Simon Daniel Rønnestad (17), fullt oppteken med å registrere søppel under Herøybrua i Herøy kommune. Guten brukar penn og skjema til å notere det som klassekameratane samlar inn denne vakre fredagsettermiddagen.