Fire førarkort rauk på E136

50 fartsbøter og fire førarkortbeslag vart resultatet. Tre UP-patruljer hadde fartskontroll i 60-sona på Verma i Rauma fredag.

Fart. Fartskontroll. Politi. Illustrasjon  Foto: SMP.NO

Nyheter

Kontrollen i 60-sona på Verma pågjekk i fire og ein halv time fredag ettermiddag og kveld, opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal.

Heile 50 førarar fekk forenkla førelegg, opplyser politiet.

Største fart vart målt til 104 km/t. Til saman fire førarkort vart beslaglagt i 60-sona.

I tillegg hadde politiet kontroll i 80-sona litt lenger nede i Romsdalen. Her var det ingen førarkort som rauk. Politiet skreiv ut to fartsbøter og eitt gebyr for manglande bilbelte.