Filmfolka som dei siste vekene har spelt inn dei første episodane til tv-serien Hjemmebane, er fulle av lovord om korleis lokalbefolkninga i Ulsteinvik har stilt opp. Martin Sepp Fredriksen har vore ansvarleg for statistgjengen.

– Det har vore heilt fantastiske folk. Dei har stilt opp i dårleg ver, stått lenge og venta – og gitt alt med heiarop for å støtte «sitt lag» på bana, seier han.

Det konkrete talet hadde han ikkje for handa då Sunnmørsposten tek kontakt, men det dreiar seg om fleire hundre og dei fleste unge folk.

Siste innspelingsdag

Gjennom ti episodar får tv-sjåarane neste år følgje opp- og nedturane til den fiktive fotballklubben Varg. Då er det sjølvsagt avgjerande at ein får til å lage skikkeleg kampstemning.

– Utan statistane hadde vi ikkje fått til dette. Spesielt dei dagane vi har vore på Høddvoll, har det vore heilt naudsynt med skikkelege supporterar, seier han.

Måndag blei dei siste «store» scenene spelt inn på Høddvoll med behov for mange statistar. Også under heimekampen til Hødd på søndag, blei det gjort fleire opptak.

Torsdag er siste innspelingsdag i Ulsteinvik i denne omgang. Då går ferda til Austlandet for innspeling av scener i eit tillaga studio, før dei igjen kjem til Sunnmøre på hausten.

(saka held fram under bilde)

Måtte skrive om manus

Produsent Vilje Katrine Hagen i Motlys har skrytt av landskapet, som vil vise godt igjen på fjernsynsskjermen. Men ho seier møtet med den sunnmørske naturen likevel har skapt utfordringar.

– Vi var her oppe fleire gonger, og fekk vite at det kunne vere fire årstider på ein dag. Då tenkte vi: «Ja, ja..», og at det skulle gå greitt, seier Hagen.

Filmfolka har fått oppleve alt kraftig vind og haglbyer, men også strålande sol. Og då vêret brått skifta frå vår til vinter, måtte manus skrivast om.

– Det var ikkje noko krise, men vi hadde ei scene der det blei snakka om at graset på bana skulle klippast. Det måtte gjerast om til at banen måtte bli måka, seier Hagen med eit smil.

Filmteamet frå NRK og produksjonsselskapet Motlys har sett sitt preg på den vesle kystbyen. NRK-bilane har gått i skytteltrafikk mellom hotellet i sentrum og stadion – som i serien er døypt om til Tangsrud Arena. Location har vore både på Flø, på Dimna og i sentrum.

I den første versjonen av denne saka blei det opplyst at måndag var siste innspelingsdag. Det er ikkje korrekt. Sunnmørsposten beklagar feilen (journ. anm.)