Skal ha forsøkt å påverke elevar til å velje nedleggingstrua utdanningstilbod
– Vi er fem elevar som reiser oppover, fortel elev Gunn Jenssen ved skulen.
Håpet er å påverke politikarane til å behalde skuletilbodet innan helse og oppvekst. Ved Haram vgs. er tredjeårs-tilbodet vedtatt nedlagt i helsearbeidarfaget og i barne- og ungdomsarbeidar-faget.
– Det var politikar Randi Frisvoll som oppfordra oss til å reise til møtet i utdanningsutvalet, fortel Jenssen.
Elevane meiner at vedtaket i marser gjort på sviktande grunnlag.
– Dersom alle elevar med fullføringsrett skal telje med, er vi mange nok til å vidareføre tilbodet, ifølgje Jenssen.
Ny behandling
Også politikarane ønskjer å sjå på denne og andre saker på nytt. I mars vedtok dei å legge ned 27 vidaregåande utdanningstilbod frå hausten.
No har utvalet tatt initiativ til å gjere ei ny vurdering i dei tilfella der utvalet ikkje var samstemt.
Dermed kjem nedlegginga både ved Haram vgs. og Herøy vgs. avdeling Vanylven opp på nytt.