Når vårsola kjem fram, er det mange som tar turen innom Sulesundkiosken. Spesielt på finvêrsdagar og søndagar er det mange som nyttar uteområdet med gode solforhold og utsikt over fjord og fjell.

– I fjor auka omsetjinga med 26 prosent. Hittil i år ligg vi godt framfor fjoråret. Dagane med finvêr no har det vore som ei maurtue her, seier dagleg leiar Terje Sunde, som eig kiosken saman med kona Ruth Måseide Sunde.

Usikker 2018-sesong

No er dei redd for at idyllen forsvinn med den nye ferjekaia som skal byggjast på Sulesund.

Fylkeskommunen sa i vinter ja til vidare kioskdrift på Sulesund. Den gong var Sunde- paret letta og glade.

No er dei ikkje lenger overbevist.

Ein foreløpig plan frå Vegvesenet viser at heile vår- og sommarsesongen kan forsvinne neste år.

Det kan hende at det er mogleg med midlertidige brakker.

I eit brev til fylket antydar Statens vegvesen at kiosken kan bli riven i april neste år. Ny kiosk står ifølgje denne planen ikkje klar før i desember.

Avbrotet kan dermed bli på heile ni månader medan den nye ferjekaia skal byggjast.

– Dette er den einaste utfartsstaden på søre Sula, påpeikar Sunde og meiner dette er eit alt for langt avbrot.

Synnøve Sørflaten i Vegvesenet antydar overfor Sunnmørsposten at dette kanskje kan løysast, utan at ho kan love det.

– Det kan hende at det er mogleg med midlertidige brakker. Men eg kan ikkje forskottere korleis dette eventuelt skulle løysast på ein trafikksikker måte som heller ikkje hindrar anleggsarbeidet, seier Sørflaten.

Terje Sunde eig kiosken saman med kona Ruth Måseide Sunde. Foto: Arkiv Nils-Harald Ånstad

Har ikkje høyrt noko

Der Sunde før opplevde å ha ein god dialog med Vegvesenet, fortel han no om mangel på kontakt.

«Kioskdrivarane vil bli teke med på råd i prosessen med planlegging av kiosk-/servicebygg», heiter det i sakspapira til samferdselsutvalet.

Dette seier Terje Sunde at han har sett og høyrt lite til.

– Eg fekk snakka med ein frå Vegvesenet for ein månads tid sidan, han var innom kiosken i 15-20 minutt. Og innimellom pølsekundane fekk eg snakke med han. Dette er einaste dialogen vi har hatt. Det gjer meg usikker, seier Sunde.

Ei setning i sakspapira om at dei har misforstått og feiltolka Vegvesenet kjenner dei seg ikkje igjen i.

– Tidlegare har vi hatt ein kjempegod dialog. Viss det har vore misforståingar, kunne dei kontakta oss om det, men det er ikkje slik vi føler vi hadde dialogen tidlegare. Vi er oppgitt og lei oss, og usikre på korleis vi skal fortsetje no, seier Ruth Måseide Sunde.

Leige nye lokale

Sjølv om fylket vil at det skal regulerast inn areal for kioskdrift på den nye ferjekaia, er det mogleg at Sunde må leige bygg av Statens vegvesen.

Det syns han er ei lite framtidsretta løysing.

– Då er vi heilt låst i det bygget som kjem opp. Då blir det ingen rom for å tilpasse seg marknaden og utvikle tilbodet, seier Sunde.