Ein person skadd i brann - sløkt av huseigar

Naudetatene rykka ut til bustadbrann i Ulsteinvik.

  Foto: OLE-OTTAR KARLSEN HØGSTAVOLL/VIKEBLADET

Nyheter

Naudetatene rykker ut etter melding om brann i bustad i Ulsteinvik, opplyser politiet på Twitter ved 15-tida tysdag.

Kort tid etterpå melder 110-sentralen for Møre og Romsdal at huseigaren skal ha sløkt brannen på eiga hand.

Brannfolka vil likevel reise til staden for å sjekke saka, ifølgje ei Twitter-melding.

Politiet opplyser at ein person er skadd og får behandling av helsepersonell. Vedkomande skal ikkje vere alvorleg skadd.