– Vi treng noko som i sterkare grad kan vise kva Sykkylven er bygd opp på. I dag er det fire montrar rundt Berlihuset. Vi ser for oss seks til, på stien opp til toppen av haugen.

Det seier designar Svein Asbjørnsen i sapDesign.

SapDesign AS eig Berlihuset, næraste nabo til Klokkehaugen, og vil ha fleire aktivitetar i området.

Katolsk tid

Og til deg som meiner staden heiter Klokkarhaugen: Ekteparet Ingjerd og Svein Asbjørnsen forklarer at haugen heiter Klokkehaugen, fordi det i katolsk tid vart sett opp ei kyrkjeklokke på haugen.

Det er kommunen som eig haugen, og ordførar Odd Jostein Drotninghaug og planleggjar Njell Hoftun fortel at kommunen er positiv til at haugen kjem til nytte. I dag står det ei offentleg flaggstong der, og det er det.

– Vi har tidlegare løyvd 29.000 kroner til landskapsarkitekt. No løyver vi 80.000 til å kome i gang med rydding og bygging av ein veg opp på haugen, seier Drotninghaug.

Han legg til at det kjem meir pengar etter kvart. Grunnarbeida startar opp etter 17. mai.

– Vi har dessutan fått 55.000 kroner i støtte frå fylkeskommunen, legg Njell Hoftun til.

Kommunen skal sørge for veg og lyssetting, og så skal det kome opp seks montrar her, lik dei ein i dag ser rundt Berlihuset og ved Ørsneset ferjekai.

Neste år

– Målet er at dei nye montrane skal vere på plass neste år, med god hjelp av fleire bidragsytarar, seier Svein Asbjørnsen.

Han ser for seg at montrane skal innehalde glimt frå møbelbransjen, heilt fram til i dag. Frå haugen kan ein forresten sjå dei fleste møbelfabrikkane i Sykkylven.

– Og det fine med montrane er at ein lett kan skifte utstilling, legg Asbjørnsen til.

SapDesign samarbeider ikkje berre med Sykkylven kommune i denne saka, men også med Møbelmuseet i bygda, og med Galleri Cylindra på andre sida av Sykkylvsfjorden.

Kjetil Tandstad i Møbelmuseet har stor tru på planane:

– I Berlihuset kan besøkande bli servert lunsj, slappe av i den gamle hagen, rusle til Klokkehaugen for eit storslått kringsjå og sjå siste skrik i møblar i montrane langs stien, seier Kjetil Tandstad.