– Eg veit at det er eit av dei største solcelleanlegga i Møre og Romsdal. Eg trur det er det største, seier driftsleiar i Statsbygg, Frank Lande, til hivolda.no.

Lande fortel til hivolda.no at all straumen som vert produsert skal nyttast i Berte Kanutte-huset, og at det nye anlegget vil dekkje opp mot ti prosent av energiforbruket i huset.

Ønskt av departementet

Ifølgje driftsleiaren har det vore eit sterkt ønske frå Kommunal- og moderniseringsdepartemenet om å få til slike anlegg som no er i ferd med å kome på plass ved Høgskulen i Volda.

– Statsbygg er opptekne av grøne avtalar og fornybar energi. Vi har store flater på bygga våre rundt om i landet, og vil på denne måten utnytte det. Berte Kanutte-huset blir eit av dei første bygga som Statsbygg eig med solcellepanel på taket, seier Lande.

(Saka held fram under bildet)

Straumskjerm

Ved hovudinngangen til Berte Kanutte-huset vil det verte sett opp ein skjerm som skal visualisere straumproduksjonen frå solcellepanelet til ei kvar tid.

Utbygginga av solcellepanelet vil koste 2,5 millionar kroner. Statsbygg tek brorparten av rekninga, medan Høgskulen i Volda går inn med ein liten sum. Det er Tussa Installasjon som leverer solcelleanlegget.