Tenkte på Åkneset

Men Liljevold rakk mellom anna å ta bildet du ser over artikkelen. At det skulle gå ras på nett den staden hadde han ikkje trudd, og han fortel at det var ein smule skummelt å sjå steinmassane dundre ned frå fjellet.

– Det var nok fleire som opplevde det slik. Eg tok meg sjølv i å tenke: «Er dette nok til å utløyse Åkneset lengre ute?», medgir han.

Liljevold er tilsett i Turistbussen i Ålesund og var på staden saman med elevar frå Sunnmøre Folkehøgsskule i Ulsteinvik. Ein av desse fekk også fanga raset på film.

Sjå video  her (blir opna i nytt vindu)

Les dokumentar: Når Åkerneset rasar ut vil fjorden reise seg nådelaust meter og rasere alt på sin veg. I Møre og Romsdal er det fleire fjell som trugar. Kven blir råka, og korleis vert dei trygga ?

(saka held fram under)

Registert som eit jordskjelv

Skredet var stort nok til at det blei registrert på målestasjonar over heile Sør-Norge, opplyser Marte L. Strømme ved Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk (NNSN).

Registert Eit bilde av korleis raset såg ut på målingane til NNSN.

– Vi har estimert magnituden til cirka to på Richters skala, som svarar til eit  et jordskjelv som det er mogleg å føle i lokalområdet, opplyser ho til smp.no.

Nettverket har 33 seismiske stasjonar rundt i Norge har raset blei registrert heilt sør til Snartemo i Vest-Agder – kring 430 kilometer vekke frå Geiranger. Strømme seier det ikkje er heilt uvanleg at ras blir registrert på stasjonane.

– Det skjer kanskje nokre få gongar kvart år, men det skal vere ein viss størrelse – og det viser at dette var nokså stort, forklarar ho.

Åtvarer padlarar

Det er relativt vanleg at det går steinras i dei bratte fjellsidene i fjorden. Raset var stort nok til å lage ei bølgje innover mot Geiranger, men sjefgeolog Lars Blikra i NVE opplyste til smp.no måndag at dei ikkje hadde indikasjonar på at det utgjorde nokon fare.

Til NRK Møre og Romsdal påpeiker han tysdag at padlarar i området må vere varsame, og at det kan vere lause blokker i fjellsidene.