Det har meldt seg 12 søkjarar på stillinga som høgskuledirektør ved Høgskulen i Volda etter Jacob Kjøde. Stillinga er eit åremål på 6 år. Ny høgskuledirektør vert tilsett på styremøte 15. juni.

Rektor Johann Roppen seier at Høgskulen har fått mange gode søkjarar og ser fram til ein interessant tilsettingsprosess. Dette kjem fram på Høgskulen sine eigne nettsider.

Desse har søkt på stillinga (i alfabetisk rekkjefølgje):

Niels Andreasen (45) Prosjektleiar, Hareid

May Kristin Bolli (46) Ørsta sokneråd, Ørsta

Janicke Westlie Driveklepp (48) CFO / Økonomisjef Vartdal Plastindustri AS, Volda

Inge Garshol (53) Adm Dir, Arendal

Karen Lomeland Jacobsen (40 ) Seniorrådgiver , Volda

Laurits Thomas Rasmussen (36) Arbejdssøgende , Viborg Kommune

Per-Vidar Sæhaug (52) NTNU, Sula

To kvinner og tre menn har bede om at søknaden deira blir unnnateke offentlegheit, og det har dei fått innvilga.

Søknadsfristen for å søke seg til høyere utdanning er 15. april - påskeaften. Her fra semesterstart ved Høgskulen i Volda i august i fjor. Foto: Nils Harald Ånstad.