NVE gjev løyve til Hauge, Langedalselva og Røyrhus kraftverk, medan Storfossen minikraftverk får avslag, skriv dei i ei pressemelding.

NVE gjev også løyve til å byggje ei ny 66 (132) kV-luftleidning mellom Tomasgard transformatorstasjon i Hornindal kommune og Litlebø i Stranda kommune.

Vidare gjev NVE også SFE Nett løyve til å byggje ein ny transformatorstasjon ved Litlebø og samtykke til ekspropriasjon av grunn- og rett til bygging og drift av nettanlegget.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 40 GWh straum i eit middels år. Det svarar til straumbruken til om lag 2000 husstandar.