Dermed har Bergsøy brått to lag i 2. divisjon, og det medfører ein del utfordringar både personellmessig og økonomisk.

Skal Bergsøy Handball likestille dei to seniorlaga? Kven skal den heiltidstilsette trenaren Igor Dokmanovic prioritere å fylgje opp? Skal Bergsøy-damene hente inn spelarar for å minske risikoen for å rykke rett ned igjen?

Herrelaget er mellom dei aller beste i norsk 2. divisjon, og var ikkje langt unna eit opprykk til 1. divisjon i vår. Og Jørn Remøy, som er hjelpetrenar på herrelaget samt styremedlem i BIL Handball, er klar på at Dokmanovic primært er herretrenar.

– Han kan også trene damelaget, men kan ikkje fylgje begge laga på kamp. Han må ha hjelp, slik at ein annan person tek ansvaret for å leie damene i kamp, meiner Remøy.

Like vilkår

Damelagets oppmann, og også styremedlem i BIL Handball, Siv Jensen, håper og trur at dei to laga får nokolunde like vilkår no når dei skal spele i same divisjon.

– Vi bestemte alt i januar at vi ikkje ville vegre oss for å rykke opp med damelaget, og no er vi der. Vi har ei særs god bredde i yngres avdeling på jentesida, og vi ynskjer å gjere det vi kan for å halde plassen komande sesong. Så eg håper verkeleg at vi får sjansen til det. Men det er ikkje aktuelt å hente inn spelarar langt unna nærområdet vårt. Vi har eit ungt damelag blanda med eit par viktige veteranar, og vil sjølvsagt ynskje velkomen spelarar som vil prøve seg hos oss. Men det vert nok søre Sunnmøre vi primært vil rekruttere frå, seier ho.

Jensen meiner også at reiseutgiftene ikkje blir særleg mykje større enn denne sesongen.

– Vi reiste mykje i 3. divisjon også, seier ho.

Rikard Mo er nyvald leiar i BIL Handball, og han ber om forståing for at han ikkje vil vere bastant alt no.

– Vi har ikkje ein gong fått konstituert styret vår, det skjer 18. mai. Eg synest det er kjempeflott at damene våre klarte opprykket, men vi ser heilt klart at utfordringane no står i kø. Vi og fotballen i BIL kjemper om dei same sponsorkronene, og utgiftene vert ikkje mindre no. Dette skal vi få til, men vi må få litt tid på oss, ber Mo.

Blir herrelaget framleis satsingslaget i Bergsøy Handball? Her (frå venstre) Evaldas Grieze, Oddvar Johan Roseth og Zilvinas Grieze etter ein siger i vår. Foto: Jan Åge Sundnes