Mannen er tiltalt i Sunnmøre tingrett etter straffelova si paragraf 210 første og andre ledd (den gamle straffelova frå 1902) for grov mishandling.

Mishandlinga er grov, særleg fordi det leggast vekt på at det har vart over lang tid, står det i tiltalen. Strafferamma for grov mishandling etter denne paragrafen er inntil seks år i fengsel.

NRK skreiv først om tiltalen.

Kvelartak

I ein periode frå 1997 til 2015 skal mannen mellom anna gjentekne gongar ha trua med å drepe sambuaren. Ved fleire høve skal mannen også ha slått, sparka, dytta og/eller teke kvelartak og spytta på kona. Valden har ved fleire høve påført merke på kroppen til kona, står det vidare i tiltalen.

Ein gong skal han ha teke kvelartak på kona heilt til det "svartna" for ho, slik ho gjekk ned i kneståande. Etter dette slong han ho på golvet og tok nytt kvelartak medan han trua ho, og spytta ho i andletet, står det vidare. Ifølgje tiltalen kom ho seg laus, og han slo ho fleire gongar med flat hand i andletet før ho kom seg unna og låste seg inn på badet, der han dirka opp døra, kom inn og fortsette å brøle før han plutseleg gav seg. Ifølgje tiltalen frykta ho for livet sitt.

Tiltalen beskriv også at han fleire gongar har opptredd nedsettande og sjikanerande overfor kona.

Også borna

Også mot borna skal mannen ved fleire høve ha utøvt vald ved at han slo, fika til eller dytta til dei. Han skal også fleire gongar ha stengt borna ute frå huset, og ved minst eit høve var det kaldt ute og borna var tynnkledde.

Saka skal opp i tingretten i september.