Torsdag vart seksjonsleiar Jo Volle heidra med leiarprisen i pasientsikkerheit av helseminister Bent Høie.

Volle, som held til i Ålesund, fekk prisen for sitt arbeid med bruk av ambulante tenester i psykiatrien.

– Det handlar fyrst og fremst om at vi har klart å få til ei dreiing frå bruk av institusjon til bruk av heimetenester i spesialisthelsetjenesten. Så i staden for å legge inn folk, behandlar vi dei heime. Med det har vi klart å redusere talet på innleggingar, noko som har vore ein varig effekt, seier Volle i ei pressemelding frå Helse Møre og Romsdal.

Volle har jobba 16 år i helseføretaket og har dei sju siste åra, i lag med medarbeidarar, jobba med bruk ambulante tenester i akuttpsykiatrien.

Og resultatet er at ein har halvert talet på akuttinnleggingar i Ålesund.

– Det gjer meg stolt og glad at arbeidet vårt med pasienttryggleik innan psykiatrien får nasjonal merksemd. Her lukkast ein med å gi god behandling samtidig som ein gjer kvardagen enklare for ei allerede sårbar pasientgruppe, seier Espen Remme, administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal.

Prisen blei utdelt i anledning Helsekonferansen på Gardermoen.