Opna vegen frå Geiranger til Djupvasshytta

Måndag opna Statens vegvesen fylkesveg 63 frå Geiranger og opp til Djupvasshytta.

Brøyting Geiranger-Djupvasshytta.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Full fres for å opne Geirangervegen

På over 1.000 meters høgde jobbar snøfresarar seg gjennom fire meter djup snø innover fjellet. Arbeidet med å frese opp fylkesveg 63 mellom Geiranger og Langvatn er i full gang.

Vegen vidare frå Djupvasshytta mot Langvatn vil fortsatt vere stengt, opplyser Vegvesenet.

– Skredfaren frå Stavbrekkfonna gjer at det ikkje er forsvarleg å verken arbeide, eller køyre på vegen. Det er difor fortsatt ikkje mogleg å seie når heile strekninga kan opne for trafikk for sommaren,  heiter det i meldinga som blei sendt ut måndag.

Statens vegvesen oppmodar trafikantane om å sjekke vegmeldingane når dei planlegg å køyre vegen, og vegen kan bli stengt att. 

Ut og reise? Sjekk ruter og veimeldinger