Samanslåing

Må vente på ja for Kinn

Vågsøy og Flora vil slå seg saman, men Jan Tore Sanner vil så langt ikkje seie ja.
Nyheter

Det skriv NRK Sogn og Fjordane.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner støttar ikkje samanslåing mellom Vågsøy og Flora no, men utset avgjerda til etter valet til hausten, ifølgje NRK.

Det er to timar køyretur mellom kommunesentera Måløy og Florø, og Bremanger som ikkje vil slå seg saman, ligg i midten.

Mange meiner Bremanger må tvingast med, men regjeringa vil så langt ikkje tvinge Bremanger med.

Frp-politikar Frank Willy Djuvik meiner det no er stor fare for at Vågsøy/Flora strandar, og skuldar på Venstre som han meiner ikkje vil at Kinn kommune skal realiserast.

Dette avviser Venstre sin kommunalpolitiske talsperson, André N. Skjelstad.

Han seier ifølgje NRK at partiet gjerne vil ha storkommune på kysten, men at det trengst meir tid.

Venstre er ifølgje Skjelstad svært positive til å få ei ny kommune som omfattar alle dei tre kommunane.



Flora sa ja til Vågsøy også

Førre veke sa fleirtalet i Vågsøy kommunestyre ja til ein intensjonsavtale om samanslåing med Flora. Måndag kveld ga også Flora bystyre tilslutninga si til ein avtale.



Høgdramatisk i kommunestyret:

Vågsøy sa ja til Flora

Ei samanslåing fekk fleirtal med 16 mot 11 stemmer i kommunestyret i Vågsøy.