Det har vore eit trafikkuhell på Rindane i Ørsta ved 15.30-tida torsdag.

Ein bil skal ha køyrt av vegen, men føraren blei ikkje skada, meld Sunnmøre politidistrikt på Twitter.

Føraren hadde ikkje førarkort og mistenkes i tillegg for å ha køyrt i påverka tilstand. Bilen vart avskilta.