Det fortalde professor Dag Jørund Lønning på eit seminar om kulturlandskap og attgroing som vart halde i Geiranger denne veka.

Arrangør var Verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap.

Sveits

– Det er eigentleg berre to vegar å gå: Anten reversere dagens landbrukspolitikk, slik at det blir større overføringar til dei små bruka, som det er mest av på Vestlandet – eller gjere som i Sveits, der dei har ei todelt ordning, seier Dag Jørund Lønning til Sunnmørsposten.

I Sveits har dei nemleg både ei produksjonsstøtte og ei støtte til landskapsrydding.

Dessutan etterlyser professoren ein meir regional landbrukspolitikk.

– I dag har vi ein generell landbrukspolitikk i Norge. Eg synest vi bør greie ut ei ordning der vi har ein landbrukspolitikk meir tilpassa dei ulike regionane, legg Lønning til.

– Det blir betalt ut støtte i dag også til rydding?

– Ja, men det er så lite, og så tilfeldig. Det monnar ikkje. Ja, det er som vi kallar det der eg kjem ifrå berre «musepiss i havet».

Går til åtak med motorsag: Hard kamp mot framand gran i verneområde

Hastar

Professoren meiner det hastar med å få på plass ei ny ordning, for store område langs kysten er i ferd med å gro att.

Han vil også ha noko anna enn skippertak. For trea veks fort opp att, så det må vere varige ordningar.

– Eg har inntrykk av at attgroing er noko alle folk er opptekne av. Det er fordi det dreier seg om eit problem som omfattar eit mykje større område enn berre Geiranger. Det gror att over alt, seier Lønning.

Oppglødd Norddal-ordførar

INNLEGG Arne Sandnes heldt innlegget «Kampen for kulturlandskapet».

Arne Sandnes, ordførar i Norddal, er glad for Dag Jørund Lønning sitt engasjement. Sandnes er i det heile oppglødd etter møtet i Geiranger.

– Her fekk mellom andre bønder frå Sunnmøre og Sogn fortelje korleis deira kvardag er, reiselivsnæringa fortalde kor viktig det er med pleie av kulturlandskapet – og ikkje minst fekk vi politikarane i tale.

– Problemet med attgroing er noko eg har teke opp i mange år, men utan å få gjennomslag på Løvebakken. No føler eg at politikarane ser alvoret, og innser at det hastar, seier Sandnes.