(vikebladet.no) Sola skin ute, men om folk får lyst til å ta seg ein dukkert bør dei gjere det ein annan stad enn på Osnessanden.

Nils Roar Hareide, dagleg leiar ved Runde Miljøsenter, har sjekka stoffet som flaut i land på Osnessanden torsdagskvelden. Det er korkje stein eller korall. Det er eit voksliknande stoff som mest truleg stammar frå kloakkslam, eller septikktank.

Han sjekka fredagskvelden stranda mellom Osnessanden og Ulstein. Han fann forureining på Volesanden, men ikkje på strendene på Skeide og Ulstein. Han kan med stor sannsynlegheit slå fast at dette ikkje kjem frå havet, og at det er ei lokal forureiningsskjelde som er årsak.

- Det har vore nordleg vind og stoffet har mest sannsynleg kome drivande inn frå kloakkreinseanlegget på Halsen, skriv Hareide til Vikebladet Vestposten.

Stoffet er tyngre enn ferskvatn og lettare enn saltvatn. Difor vil stoffet flyte opp til overflata, sjølv om det er sleppt ut på 30 meters djup.

- Dersom denne teorien er rett vil eg rå folk til å ikkje bruke Osnessanden til bading dei første dagane, skriv han.

Dette meiner han er ei sak for kommunelege, helsevesenet og teknisk etat i Ulstein å rydde opp i snarast.

Denne saka vart først publisert på vikebladet.no