I første rekkje var dei i møter med verfta Kleven og Ulstein, men dei møtte også fleire lokale reiarlag – som er betydelege mottakarar av GIEK sine ordningar. Den siste tida har instituttet fått kritikk for måten dei har handtert omstillinga i reiarlaga. På førehand fekk også Sunnmørsposten opplyst at det var ein del frustrasjon som skulle ut.

(saka held fram under)

Lukka for pressa

Pressa fekk berre vere til stades ved innleiinga av møtet ved hotellet i Ulstein, men inntrykka frå fleire av deltakarane etterpå, var at dette på ingen måte blei eit oppvaskmøte. Både Stig og Åge Remøy sa seg nøgd etterpå, men sistnemnde ville mellom anna vite korleis GIEK såg på lokalt eigarskap.

– Eg reknar med at alle i det rommet var opptekne av det same, seier Åge Remøy.

Fleire har reagert på at GIEK gjekk i mot eit forslag til løysing for Farstad, som blei lagt på bordet av Herøy-reiaren.

Etter måndagens møte var reiarane forsiktige med å kommentere den saka konkret:

– Kanskje kunne dei ikkje gjort noko betre, seier Åge Remøy no, medan finansdirektør Arne Johan Dale i Havila nøyer seg med å seie at historia vil felle dommen:

– GIEK skal også sikre sin kapital. Berre tida kan vise om det var den rette løysinga, seier Dale etter møtet.

(saka held fram under)

– Må vere nøytrale

Direktør Nistad og styreleiar Orgland fortel til Sunnmørsposten at GIEK ikkje opptrer annleis enn bankane i slike forhandlingar, men at dei ønskjer å bidra til mest mogleg eksport.

– Nokon vil seie at lokalt eigarskap vil vere det beste for å sikre eksport på lang sikt. I kva grad tek ein slike omsyn?

– Vi er til for heile Norge, og kan ikkje seie at vi til dømes skal satse på ein ting i Volda. Vi forsøker å støtte opp om klyngene, for dei er viktige for norsk eksport. Men om det er ein diskusjon mellom to stader i Norge, må vi vere nøytrale, svarar Nistad.

Påstandane om at GIEK-direktøren personleg skal ha åtvara investorar frå å satse i Olympic, blei ikkje tema på møtet. På direkte spørsmål nektar også Nistad for at ho har gjort dette.

Naudløysing

Ny kapital er det viktigaste som må til for å sikre løysingar som er berekraftige for reiarlaga på sikt, påpeikar Orgland og Nistad.

Reiarlaga segler i høgste grad framleis i røft farvatn. GIEK-direktøren meiner «ikkje nødvendigvis» at alle dei kriseløysingane som har skjedd til no, vil halde vatn tre-fire år fram i tid, slik dei meiner er naudsynt.

(saka held fram under)

Orgland påpeiker at det er ei naudløysing at GIEK har komen inn som aksjonær i fleire reiarlag som følgje av at kriseløysingar der gjeld er gjort om til eigenkapital i selskapa.

– Så kort som mogleg, er det klare svaret på kor lenge dei ønskjer å sitte i slike posisjonar.

Samstundes skal GIEK sikre at dei ikkje tapar skattebetalarane sine pengar. Difor er det lagt fram eit forslag i revidert statsbudsjett om å opprette eit selskap der desse eigarposisjonane og skipsverdiar kan samlast.