Entreprenørane ventar på klarsignal i Hornindal

– Det er berre å starte vegbygginga

Trafikantane treng ny veg, og entreprenørane treng nye oppdrag.

SPREKK: Fylkesveg 60 gjennom Hornindal er i ferd med å gå i oppløysing. Det er mange stader store sprekkar i asfalten og vegkantane rasar ut, viser Ove Fagerheim og Stig Olav Lødemel. FOTO: TERJE ENGÅS 

Nyheter

Ingen asfalt til elendig eksportveg i Hornindal

Viktig veg smuldrar opp

Tusenvis med pizzaar, og mange møblar blir dagleg frakta gjennom Hornindal – på ein veg som er i ferd med å smuldre opp.

– Det er berre å starte vegbygginga i Hornindal. Vi har det som skal til, og er klare. Heile bransjen vår ventar på nye oppdrag.

Det seier Kjell Arne Aurstad, styreleiar i entreprenørfirmaet KA Aurstad AS i Ørsta. Dei har hatt mykje å gjere med ny E6 i Gudbrandsdalen dei siste åra. Men no er denne vegen ferdig, og dei er på jakt etter nytt arbeid.