Advokat Thore Heggen i Stryn er oppnemnd som bustyrar, og første skiftesamling blir 28. juni.

Krava frå dei to tidlegare tilsette var på til saman 43.466 kroner.

Selje Hotell vart totalskadd i ein brann 25. november i fjor, og tre med tilknyting til drifta av hotellet er sikta for brannstifting og forsøk på forsikringssvindel.

Fjordenes Tidende skreiv tysdag at hotellet eig også andre eigedommar i Selje, og at ved eit sal av desse eigedommane kan salssummen heilt eller delvis betale for opprydding av branntomta.