I eit brev til Mørebenken uttrykkjer representantar for domstolane frustrasjon og uro for ein vanskeleg økonomisk situasjon. Og dei stiller spørsmål ved den politiske prioriteringa av ressursar til sektoren deira.

– Det er kortsiktig politikk i ein moderne velferdsstat dersom politikarane ikkje satsar meir på domstolane, heiter det i brevet frå domstolane.

Store underskot siste åra

Sorenskrivarane Elisabeth Wiik (Søre Sunnmøre) og Kirsti Høegh Bjørneset (Sunnmøre) er blant dei som har skrive under brevet. Også jordskifterettane har skrive under brevet.

Dei meiner stillingsstopp og vakante årsverk gir grunn til uro. Trass redusert bemanning og pålegg om å halde stillingar ledige, er det siste åra rapportert om store økonomiske underskot.

Domstolane har jobba hardt for å redusere sakshandsamingstida, men ifølgje brevet ser ein no klare tendensar til at sakshandsamingstida aukar, både i dei alminnelege domsstolane og i jordskifterettane.

– Det at folk ikkje får sin rett i rett tid, kan medføre fare for rettsstryggleiken, fryktar brevskrivarane.

Avgjerande for tilliten

Det blir også peika på at det er avgjerande for tilliten til rettssystemet at domstolane framstår som moderne. Dette krev investering i utstyr og lokale.

Manglande investering i fleire år gjer at behova no er store, ifølgje brevet.

No håpar dei på at dette viser igjen i revidert nasjonalbudsjett:

– Vi ber våre politikarar vise vilje til å sikre og utvikle gode og moderne domstolar, gjennom å løyve meir pengar til domstolane enn det som ligg i forslaget frå regjeringa, skriv representantane for domstolane i Møre og Romsdal.