– Krevjande og vanskeleg, men vi har eit fantastisk mannskap

Remøy-mannskap måtte utsette barnedåp

Konflikten med russiske styresmakter, er eit tøft sjøslag for det vesle reiarlaget frå Fosnavåg. Verst er det kanskje for dei som er heime.

Møtte pressa Olav og Kristin Remøy i reiarlaget møtte onsdag pressa for første gong siden trålaren blei brakt opp av den russiske kystvakta.  Foto: Marius Rosbach

Nyheter

Remøy-reiaren meiner styresmaktene må ordne opp

Sjå videointervju med styreleiar Olav Remøy i Remøy Havfiske om konflikten rundt trålaren i Murmansk.

Remøy Havfiske har hamna midt i det som er på veg til å utvikle seg til storpolitikk. Søskenparet Olav og Kristin Remøy var tydeleg prega av situasjonen då dei møtte pressa for første gong sidan trålaren deira blei teken i arrest i Russland.

– Konsekvensane av at vi blir liggjande er alvorlege for oss, fortel Kristin Remøy, som har tittelen dagleg leiar.