Lensmannskontoret i Stranda blir likevel ikkje lagt ned.

I kampen om lensmannsdistrikta har Justisdepartementet endeleg vedtak. Av i alt 50 klagar på nedleggingar, har departementet omgjort tre. Ei av klagene på nedlegging som har fått medhald, er altså Stranda.

– Det er ein fagleg gjennomgang og ei samla heilheitsvurdering som ligg til grunn for omgjeringa, men det har heller ikkje mangla på engasjement lokalt, seier parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik i Frp.

Dermed er det nye politikartet klart. Det betyr at følgjande kontor forsvinn på Sunnmøre: Ørskog, Giske og Sula. Også Ørskog og Norddal kommuner har klaga på dette, men vart altså ikkje høyrd.

Skilt seg ut

Nesvik seier at Stranda har skilt seg ut både frå mange av dei andre klagesakene når det gjeld geografiske avstandar, storleiken på distriktet og andre særskilte tilhøve i distriktet.

Stranda kommune har eit areal på heile 900 kvadratkilometer, noko som gir særskilte utfordringar knytt til beredskapen. I tillegg gjer fjordar og fjell dette endå meir utfordrande.

– Dette er ein stor siger for lokaldemokratiet og for Stranda, seier ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp). Kommunen har kjempa hardt for å få behalde lensmannskontoret etter at Politidirektoratet tidlegare i år vedtok å leggje Stranda lensmannsdistrikt inn under nye Indre Sunnmøre lensmannsdistrikt saman med lensmannsdistrikta Volda og Ørsta og Sykkylven, med tenestestadar i Ørsta og Sykkylven.

Tryggestad seier han i utgangspunktet ikkje var motstandar av politireformen, men når han såt konsekvensane, og særleg korleis det råka Stranda – med endå større avstand til polititenestene for folk, har han vorte negativ.

Stranda har nær 4.600 innbyggjarar, og  har  aukande folketal. Avstanden frå Geiranger til det lensmannskontoret i det nye lensmannsdistriktet ville ha blitt heile 76 kilometer. I samanlikninga med dei andre klagesakene har Justisdepartementet lagt vekt på at Stranda kommune ville ha blitt blant dei kommunene med høgst folketal som ville fått lengst avstand til næraste tenestestad.

Skredfare og turisme

– Ein avgjerande faktor i tillegg er sjølvsagt dei beredskapsmessige sidene i Stranda, blant anna med skredfaren frå Åknesremna og turisttrafikken. Geiranger er ein av dei største turistdestinasjonane i landet, og har stor turisttrafikk i 5-6 månader i året, seier stortingsrepresentant Helge Orten (H).

Strandaordføraren seier at dette også har vore eit viktig argument for dei. I tillegg til dei 4.600 innbyggjarane i kommunen, kan der vere så mykje som 15-20.000 turistar i området på toppdagane i turistsesongen.

– Det er på storleik med ein liten norsk by. Saman med utfordringane i infrastruktur og geografi seier det seg sjølv at dette gir særskilte beredskapsutfordringar, seier Tryggestad.

Orten og Nesvik meiner at den strukturen som no er vedteken, gir eit godt grunnlag for gode polititenester i Møre og Romsdal, men understrekar samstundes at ein no må syte for at dei lensmannskontora som blir att, blir slagkraftige einingar.

– Eg ser fram til at vi kan utnytte politiressursane på best mogeleg måte der folk bor. Med dagens og framtidas teknologi blir politibilane som rullande lensmannskontor. Det vil gi betre tenester enn eit lensmannskontor med avgrensa opningstider. Med den jobben som no er gjort, er vi i Møre og Romsdal no rigga med eit slagkraftig politidistrikt, seier Nesvik.