Det er første gong det er eit slikt arrangement på denne øya.

På 1600-talet var Langskipsøya eit yrande senter for trelasthandel. På «Øyna», som den vert kalla lokalt, har det vore gjestgivargard, post, sjøforsvar og gardsdrift.

Då verksemda vart flytta til fastlandet, grodde øya igjen og bygningane forfall. Kun eit bygg stod att, høyløa. I 2016 restaurerte Storfjordens Venner dette bygget og årets stemne er lagt til området ved løa.

Det blir informasjon om Langskipsøya i historisk tid ved Ørskog Historielag. Grunneigar Tord Tøsse vil fortelje og prosjektleiar for restaurering av høyløa, Asgeir Kvernberg, fortel om dette arbeidet. ØSS’n, Ørskog Storblåsarsamband, skal spele. Det blir båttransport frå tømmerkaia på Håhjem.