– Eg kom i prat med Kåre Strøm her i Vika. Han hadde eit tomt drivhus ståande, og vi hadde begge tankar om å utvide jordbærsesongen. Det var slik det starta, fortel Ole Henrik Uri i Valldal.

Dei to drog på studietur til Lier ved Drammen, der dei allereie dyrkar jordbær i drivhus.

Her fekk dei sjå at det var mogleg, og bestemte seg for å prøve heime på Sunnmøre.

8.000 planter

– Vi gjorde ei prøveplanting som gjekk greitt, og fann ut at vi ville satse vidare, forklarer Uri.

I fjor vart det difor planta ut 8.000 jordbærplanter i drivhuset, som før har husa store mengder roser.

Halvparten av jordbær- plantene er av merket Polka, den andre halvparten er Sonata.

– Vi gjorde den første plukkinga her 19. mai. Det er nesten to veker tidlegare enn i fjor. Då plukka vi for første gong 1. juni. Han brukar ikkje kunstig varme eller lys, så plantene er avhengige av sollyset som varmar opp glashuset.

– Jordbæra kjem vi til å selje mest her i nærområdet. Men det kan vel bli litt sal heilt ut til Ålesund, kanskje.

– Eg har jordbæråker heime på garden oppe i Valldalen, men såg at sesongen med fordel kunne utvidast. Og så er det jo greitt å ha jordbær å tilby når ingen andre har, smiler Ole Henrik Uri.

Ein stor fordel med å dyrke bæra innandørs er at ein slepp unna hjort og berrfrost.

På den andre sida er det klare arealbegrensingar.

– Jordbæråkrane er jo mykje større enn eit drivhus. Og dessutan kan ein ikkje byggje seg eit nytt drivhus for å dyrke jordbær. Det ville ikkje ha lønt seg. Difor var vi avhengige av å finne eit som stod tomt, forklarer Uri.

– Kor mykje jordbær reknar du med å få fram no?

– Det er ikkje godt å seie. Det bør no bli eit par tonn. Eg trur iallfall det blir plukking nesten kvar dag framover.

Turisme

Når han ikkje driv med jordbærdyrking, driv han med turisme, og det i stor stil.

Saman med sambuaren Mathilde Knutsen Sætre driv han nemleg Valldal Camping, Sjøholt Camping og Volsdalen Camping.

Totalt rår dei over 60 hytter og leilegheiter. I tillegg kjem over hundre faste oppstillingsplassar til vogner.

Tre bær som berre ventar på å bli plukka. Foto: Terje Engås