– Vi er svært glade for at mannskap og båt no er på veg til Tromsø. Mannskapet som er om bord har vore under eit stort press, og vi er difor glade for at vi no kan ønske dei velkomen heim, etter åtte veker på sjøen , seier Olav Remøy, styreleiar i Remøy Havfiske, i pressemeldinga.

Det var den russiske kystvakta som tok reketrålaren i arrest onsdag 10. mai. Årsaka var at Fiskeridirektoratet fylte ut lisensskjemaet feil.

Ni av mannskapet på 17 fekk reise heim 26. mai.

– Vi er fri og er no på veg til Norge. Eg driv og manøvrerer ut frå fjorden ved Murmansk og kan ikkje prate så mykje no, seier skipper Kjetil Ervik til smp.no seint torsdag kveld.

– Liten feil

Ifølge Olav Remøy er det skremande at ei så lita sak skulle få så store konsekvensar og ta så lang tid.

Han meiner det var ein bagatellmessig feil, noko som kunne vore løyst straks.

Trålaren var på veg ut av russisk sone onsdag 10. mai då russiske inspektørar kom om bord. Dei sjekka fangsten opp mot lisenspapira og tok båten med til Murmansk.

Russiske styresmakter la på bordet eit kausjonskrav på 90 millionar. Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt, seier til smp.no torsdag kveld at det verken frå rederiet eller den norske stat er betalt ut kausjon.

Fiskeridirektoratet har sagt at dei  ved ein feil ikkje kryssa av for rekefiske for Remøys søknad til russiske myndigheiter.

Tromsø laurdag

– Når båten no kjem til Tromsø, skal vi losse, bunkre drivstoff, skifte ut resten av mannskapet, og få den ut på fiske igjen så snart som mogleg, opplyser Remøy.

Mannskap og båt er venta å kome til Tromsø på laurdag. Sjølv om båten er fri frå arrest, er saka framleis under saksbehandling i det russiske rettssystemet, opplyser selskapet i pressemeldinga.

Så seint som i fjor kjøpte selskapet Remøy Havfiske trålaren med fiskerirettar frå Åge Remøy.

LES ALT OM SAKA HER