Høgskulen i Volda er nok den einaste i verda som kan mønstre to tradisjonsbåtar frå Sunnmøre – og som brukar dei aktivt i undervisninga gjennom «Small ship races».

I fire dagar har 21 studentar frå seksjon for idrett og friluftsliv ved Høgskulen i Volda levd sjømannslivet. Det frie naturlivet i smult farvatn på søre Sunnmøre - under toppheiste segl. Men av også med seige åretak.

– Ja, for denne delen av undervisninga vår er totalt prisgitt naturen sine premissar, stadfestar superveteran ved denne friske studielinja, Ola Einang. Han er også personen som sit inne med den spissfindige og avgjerande kompetansen på kombinasjonen sunnmørske tradisjonsbåtar og rigging og sigling med tradisjonssegl. Utan Einang hadde ikkje desse to store trerøringsbåtane vore korkje kontraherte eller rigga, er Einang sine kollegaer sin rause påstand.

Skarpseglinga

Då Sunnmørsposten slo seg med på høgskuletoktet sin avsluttande siglas, frå Dragsundet og innover mot basen på Yksnøya ytst i Voldsfjorden i torsdag var vindforholda bortimot perfekte. Ikkje for skarpsigling, men med flau nordleg bris som kan vere høveleg for avslappande avslutsningssigling.

– Skarpsiglinga gjorde vi frå oss i går, i sunda mellom Tjørvåg og Dimnøya. Då var vinden såpass kvass, og til tider ujamn, at vi måtte knyte opp begge reva i segla, fortel Ola Einang. Då vi spør om nokon om bord har bilde frå den seglasen, er svaret frå Einang kontant: – Ingen ansvarlege siglarar tek bilde i slike stunder! Då har alle nok med hundre prosent fokus på kvar sine avgjerande oppgåver.

– I går sat såleis skauta laust i nevane, då måtte vi vere klare for å sleppe vinden ut av segla på sekundet, fortel Einang.

Lærarskrytet

Han seier seg elles svært godt nøgd med sin unge matrosgjeng framover på dei mange toftene.

– Dei er både samansveisa, innsatsvillige, lærevillige og årvakne. Dei kjem alle til å bli topp ambassadørar for naturnytting og friluftsliv, spår veteranen.

Ola Einang, som nok har breiare total naturkompetanse enn dei aller fleste, opplever at teori alltid må prøvast ut i utfordrande praksis. Dersom det skal sitje.

– Det desse studentane har vore med på i desse dagane utandørs og under open himmel, det kan aldri lærast berre som teori. Teorien er likevel alltid med, også ute i felten, understrekar Einang. Han meiner at dei lokale tradisjonane er svært viktige i denne samanhengen.

– Med båtar, segl og utstyr som har vore brukte her i uteljande generasjonar, blir det heile sett inn i ein konkret, ekte og opphavleg samanheng.

– Dei gamle aktørane måtte kunne både vurdere og meistre ver og vind for å overleve. Same vurderingane, forståinga og prinsippa gjeld i dag, sjølv om det ikkje går på eit livbergingsnivå som før, erfarer Einang.

Sunnmøringen

Men også sjølve meistringskjensla er svært viktig i dette opplegget. Det å kunne samarbeide om å meistre alle tau, knutar, årar, ror sjøkart og alle andre detaljar når det strammar seg til. Dette kan den mest lokale av studentane om bord stadfeste, 20-åringen Øyvind Alfsvåg frå Volda.

Han er snart ferdig med andre året på friluftsliv.

– Absolutt! Eg er godt van med sjøen og motoriserte båtar frå før, både her heime og på Sørlandet.

– Men navigering berre med muskelkraft og vind vert noko heilt anna. Eg trur fleire syntest det var tøft nok, då vi sigla skarpt i tronge sund i går, smiler Alfsvåg. Han fortel at han tok første året ved Høgskulen som eit etterlengta friår etter vidaregåande.

– Men eg treivst så godt at det balla på seg med eitt år til. Det har eg absolutt ikkje angra på, forsikrar Øyvind Alfsvåg.