Tysdag kveld sa eit samrøystes formannskap ja til å løyve 200.000 kroner. Kommunestyret gjer endeleg vedtak 19. juni.

Bakgrunnen er at vraket utgjer ein trussel mot andre fartøy.

– Eg er glad for vedtaket i formannskapet. Alle som kan hjelpe til økonomisk er bra, seier Lyngvær.

Han har også søkt om pengestøtte frå Sykkylven Næringsutvikling og Kystverket.

Kystverket har ikkje svart, medan Sykkylven Næringsutvikling er innstilt på å gje støtte.

– Eg har brukt 2-300.000 kroner av eigne pengar til no med denne saka. Og eg reknar med at det går med minst 3-400.000 til, legg Lyngvær til.