Fleire nye einebustader ved Kråkvika i Vestnes har ført til klager frå naboar som misser sol og utsikt.

No har fylkesmannen i Møre og Romsdal oppheva kommunen sitt vedtak om byggeløyve for eitt av tre hus – og kommunen må vurdere saka på nytt. For dei andre to bustadene, førte ikkje klagene fram.

Høgdeforskjell

Striden står ikkje om kor høgt det moderne bustadhuset er, men fyllinga huset står på. Det er eit byggefirma som står ansvarleg for søknaden om byggeløyve som blei levert i fjor vår. Reglane er slik i byggefeltet at ein skal søke om inngrep som aukar høgda med meir enn 1,5 meter – og det nybygde bustadhuset står 3,2 meter høgre enn slik terrenget var tidlegare.

Konklusjonen frå fylkesmannen er at saka ikkje er «godt nok opplyst» og at saksframstillinga frå kommunen «gir grunnlag for tvil om terrenginngrepet er vurdert i tråd med plan- og bygningslova».

Dramatisk

Å rive vil vere ein dramatisk konsekvens for huseigaren. Rådgjevar Marina Opstad hos fylkesmannen ønskjer ikkje å uttale seg om moglege utfall av den vurdering kommunen no skal gjere.

– No blir det opp til kommunen å vurdere korleis dei skal vurdere saka, og om byggesøknaden eventuelt må supplerast med ein søknad om vesentleg terrenginngrep, seier ho.

Ber om vurdering

Om konklusjonen blir at terrenginngrepet er søknadspliktig, peiker fylkesmannen på at kommunen må:

«Gjere ei konkret og balansert vurdering av utbyggar sine ønske opp mot dei ulemper naboane har anført i høve sol, utsikt og skuggeverknad», heiter det i vedtaket.

– Vil samarbeide

Bustadfelt Eigedomen er omfatta av reguleringsplanen for Ramberg bustadfelt. Foto: Google Maps

Ansvarleg søkjar er Krogset Bygg, men det er Villabyen AS som eig bustadprosjektet.

Prosjektleiar Arne Bjerke i Villabyen seier at dei registrerer at saka er sendt tilbake til kommunen, og at dei vil samarbeide med kommunen vidare i saka.

– Riving av huset kan vere ein konsekvens i ytste fall. Korleis ser du på det?

– Det er ein hypotese eg ikkje vil diskutere no. Vi held oss til realitetane: At saka skal vurderast av kommunen, svarar prosjektleiaren.

– Høgare enn planlagt

Advokat Bjørn Kristian Hove representerer naboane som fekk gjennomslag for sin klage i byggesaka. Han opplyser at byggefirmaet blei åtvara om klaga og moglege konsekvensar før huset blei oppført. Han meiner difor at huset blei bygd på deira risiko.

– Fyllinga ragar langt høgare enn planlagt og gjer at huset sperrar for kveldssol for mine klientar. Vi meiner at fyllinga er ulovleg og må fjernast. Då må også huset rivast, seier advokat Bjørn Kristian Hove til smp.no.

Det er siste er prosjektleiar Bjerknes i Villabyen usamd i: – Dette er feil, fyllinga er i anlagt i samsvar med reguleringsplanen, hevdar han.