Tiltalt for kjøp av seksuell omgang med mindreårig

Ein mann i 70-åra frå søre Sunnmøre er tiltalt for å ha kjøpt seg seksuell omgang med ein gut som var under 16 år.

Tiltalt Ein mann i 70-åra må møte i Søre Sunnmøre tingrett 30. oktober. Illustrasjon  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Statsadvokaten har teke ut tiltale for to forhold. Det eine punktet gjeld seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Det andre gjeld at mannen skal ha betalt guten for den seksuelle omgangen.

Rettssaka kjem opp for Søre Sunnmøre tingrett (bildet) 30. oktober.