(Vikebladet Vestposten) Resultatet er langt over det vi hadde tort å håpe på, seier Gry Nordal i K-gruppa som laurdag stod bak kjolerullinga til inntekt for ny kyrkje i Ulsteinvik.

Då lokala opna laurdag formiddag hang det heile 410 kjolar i salen på Fredheim. Etter at rykta om den komande kjolerullinga byrja å kome ut, berre  strøymde det på med kjolar. Mange fleire enn K-gruppa hadde tort å håpe på.

Men rosina i pølsa var nok kjolane frå statsminister Erna Solberg, Bjørg Torhallsdottir (2 stk) og overraskinga: ein kjole frå sjølvaste prinsesse Märtha Louise.

Kari Eide var konferansier når desse kjolane, og nokre til, skulle auksjonerast  bort. Med humoristisk snert gjekk ho i gang med auksjonen.

- Tidlegare sokneprest Atle Hopland,  heretter kalla vintage-presten, har vore innom og godkjent skjørtelengda, hevda ho.

Kjolen frå Kari Kleven gav mest i kassa

Men det var ikkje kjendiskolane som enda høgast i pris. Det var faktisk ein korallmønstra kjole som Kari Kleven hadde levert inn.

- Kjolen er kjøpt til Elfrid Kleven gifta seg med Arnfinn Hanstad i 1979, og han har vore med på fleire skipsdåpar og anna artig, kunne dottera Kjersti Kleven lokke med.

Etter ei heftig bodrunde vart Bodil Volstad eigar av kjolen, som ho måtte punge ut 2300 kroner for å få.

Randi Ertesvåg gjekk sigrande ut av bodrunda på den flagrande selskapskjolen som Bjørg Torhallsdottir hadde hatt på seg under eit bryllaup i Lærdal, der til og med kjærasten fridde til henne. Ertesvåg fekk kjolen for 1000 kroner.

- Torhallsdottir har brukt han i Frankrike, og til og med fått ein klem av Prins Albert i han, kunne konferansieren fortelje. Birgitte Fondevik fekk han for 2000 kroner.

Turid Rise vart eigar av kjolen til prinsesse Märtha Lovise. Den delikate kjolen i Merion-ull gjekk for 2100 kroner.

- Uansett politisk legning

- Uansett politisk legning må denne kjolen vere eit trofe å ha, sa Kari Eide då ho introduerte den svarte, ermlause kjolen som statsmnister Erna Solberg har brukt blant anna i statsråd fleire gonger. Den nye eigaren vart Ranveig Kaldhol, som betalte 1600 kroner for «trofeet».

Kjolane som ikkje vart selde under kjolerullinga skal gå til Fretex.

- Men det kan hende vi beheld nokre av dei, og arrangerer ei ny kjolerulling seinare, fortel Gry Nordal.

Denne saka sto først på Vikebladet.no