Det er oppskrifta på korleis ein set i stand ein del av den «Trondhjemske postvei», som vart oppretta ved kongeleg resolusjon i 1785.

Ljøbrekkas Vener har som mål å få renovert den delen av postvegen som går frå Herdalen til Ljøen – ei strekning i Stranda på ca. seks kilometer.

Det var her postmannen gjekk på si postombering, der han frakta post mellom Bergen og Trondheim.

Vegen var i bruk av postmennene fram til 1860-åra, då dampskipa overtok postgangen.

Fekk respons på Facebook: Kronene rullar inn for populær postveg

Seks delprosjekt

– Vi har delt inn prosjektet i seks delprosjekt. No er vi i gang med delprosjekt nummer tre, seier Petter Hjørungdal, leiar i Ljøbrekkas Vener.

Det er ein aktiv pensjonistgjeng som nyttar mykje av fritida si på denne gamle, historiske vegen.

– Sjølv trur eg at eg var oppe på vegen ca. 100 gonger i fjor. Men så har eg også fått god tid etter at eg vart pensjonist, legg Hjørungdal til.

Han fortel at det hasta med å få sett i gang utbetringar på vegen, for han var prega av forfall, med stor slitasje på grunn av tilgroing, vêr, frost og overflatevatn. Veggrøfter og stikkrenner var mange stader dårlege eller heilt tette.

Vidare går arbeidet ut på å sette i stand murar som mange stader har ramla ut, å ta opp att grøfter og stikkrenner – og å jamne ut vegoverflata.

Og ikkje minst går mykje av arbeidet ut på å skaffe pengar, mykje pengar.

Hjørungdal trur at heile prosjektet, som tok til i 2014, vil koste 10–12 millionar kroner før det etter planen står ferdig i 2019.

Tiggarferd

– Kvart år er vi på tiggarferd. Og responsen har vore svært god. Fylkeskommunen har åleine gjeve oss 800.000 kroner. Vidare har vi møtt stor velvilje både hos enkeltpersonar og hos næringslivet. Største enkeltgåva er på 150.000 kroner.

Dessutan sette Ljøbrekkas Vener i gang kronerulling. Det gav 100.000 kroner på konto. Vidare har Miljødirektoratet gjeve tilsegn om ei støtte på ein halv million kroner.

– Det er også viktig at vi har svært dyktige folk til å arbeide for oss, både dei to sherpaene frå Nepal – og maskinkøyrarane frå Langset Entreprenør AS.