– Dette er den største laksen eg nokon sinne har fått i Stordalselva. Og eg har fiska der i ein del år, seier Terje Lorgen frå Ålesund.

Han fekk ein laks på 9,1 kilo i Vinjesona laurdag, ein fisk han brukte ti minutt på å få i land – før han stolt kunne vise fram fangsten for fotografen.

Laksefisket i Stordalselva starta 10. juni, og elveeigar Jarle Hove kan fortelje om ein svært bra start:

30 laks

Hove fortel at forholda i elva er gode for laksefiske no.

– Elva er nokso stor no, men ikkje for stor til å drive laksefiske i, meiner Hove.

I Korsbrekkeelva på Hellesylt er det også laksefiske. Her vart elva opna for fiske 1. juni.

– Det starta bra, med sju laks første dagen. Deretter har det vore ein laks no og då. Så langt er det fiska 14 laks. Den største er det Eirik Osborg Kvammen frå Ørsta som har fått, fortel Ole A. Ringdal på Hellesylt.

Nesten tangering

– Det stemmer, det. Laksen eg fekk var på 10,6 kilo. Det er nesten tangering av min personlege rekord på 10,8 kilo, seier Eirik Osborg Kvammen.

Han fortel at på opningsdagen fekk han ein som var nesten like stor, ein laks på 10 kilo. Den på 10,6 kilo beit på to dagar seinare.

– Og det var på mi nyinnkjøpte flugestong, til og med. Det er det ikkje alle som får oppleve, seier ørstingen, som no går og tel dagar og timar til Ørstaelva opnar for fiske. Det skjer 15. juni, saman med mange andre lakseelvar.

Lite vatn

Men Jan Melseth, laksefiskar og leiar i Sunnmøre Elveeigarlag, kan ikkje slå i bordet med dei store fangstrapportane:

– Vi er litt vasslause her for tida. Så det er ikkje stort å få. Vi treng kort og godt meir regn, seier Melseth – og finles vêrvarsla til yr.no.

– I starten vart det teke seks laksar og seks pjakkar i Aureelva. Seinare har det vore berre ein og annan. Laksen er frå tre til 5,5 kilo, legg Jan Melseth til.

I Eidselva var det også oppstart 1. juni. Her vart det teke 15 laksar mellom 5 og 10 kilo første fiskedøgnet. I tillegg også nokre under 5 kilo, melder eidselva.no.