Forfallet på bruene har ikkje kome over natta. Fylkespolitikarane har lenge visst om at noko måtte gjerast. Det er mange år sidan vegstyresmaktene sende dei første åtvaringane, og med desse åtvaringane følgde det også eit varsel om ei saftig rekning.

At det no er akutt behov for å gjere noko, er altså fordi ein har venta altfor lenge. Dette har mange årsaker. Når ein har både kjent til behovet og kostnaden, er det klart at manglande prioritering i tide er den mest nærliggande forklaringa.

Samstundes er denne saka også ein synleggjering av dei utfordringane og dei dilemma som vegeigarar i kystfylka står overfor. Geografi og topografi gjer at fylke som Møre og Romsdal har særlege utfordringar i høve til vedlikehald og utbygging av infrastruktur.

Ein meter veg er ikkje ein meter veg, i alle fall ikkje når det kjem til kostnader knytt til bygging og vedlikehald.

Samstundes er dette også med på å drive opp vedlikehaldskostnadane.

I Møre og Romsdal har vi meir enn 1200 bruer og svært mange tunnelar, både undersjøiske og andre. Dette er delar av vegnettet som det er svært dyrt å vedlikehalde og oppgradere, og er den viktigaste årsaka til at fylket er blant dei som har det største vedlikehaldsetterslepet i landet.

Desse meirkostnadane som har si årsak i naturgitte tilhøve er på langt nær godt nok kompensert i overføringane frå stat til fylke.

Det er prisverdig at ein no søkjer å finne løysingar for bruene i Herøy som kan få ned kostnadane. Klarer ein å kutte prisen til under det halve, bør ein ikkje la det vere uprøvd, men det må vere lov å seie at dette kjem noko seint på bordet.

Innbyggjarar og næringsliv i Herøy fortener ikkje å verte sett på vent igjen. Er dei alternative bruløysingane i stål gangbare, må det svaret kome raskt for Nerlandsøybrua sin del. Elles må ein satse på dei tradisjonelle betongbruene og heller betale ekstrakostnaden.

Det kan ein gjere utan å gi slepp på den moglegheita utviklinga av ny bruteknologi gir for lokalt næringsliv og for å kutte kostnader på fornying og vedlikehald av vegnettet.

Samstundes bør ein saman med dei andre kystfylka intensivere arbeidet for å få ein betre kompensasjon for ekstrakostnadane som uansett er knytt til å binde folk saman på tvers av fjordar og fjell. Det er urimeleg å sette ein meterpris på vegvedlikehaldet uavhengig av kva det reelt sett kostar.