Dei siste åra har det vore svært stor bestand av nordaustarktisk torsk, med påfølgande stor totalkvote. Gytebestanden hadde ein topp i 2014, men har sidan gått tilbake. Totalkvota for 2017 er på 890 000 tonn og blir redusert til 712 000 tonn for 2018.

Venta

- Det var venta at ICES ville tilrå reduksjon i torskekvota for neste år. Det har vore svært mykje torsk dei siste åra, men samtidig er det registrert mindre fisk i dei komande årsklassene. Vi må difor belage oss på at det kan bli reduksjonar i kvotane også framover. Sjølv med denne reduksjonen i kvoten er det ingen tvil om at det er bra med torsk i Barentshavet, seier Gjert Dingsør, ressursforskar i Fiskebåt.

Også for nordaustarktisk hyse tilrår forskarane at kvoten blir redusert med 13 prosent, som gir ei totalkvote på 202 305 tonn i 2018. ICES åtvara i fjor mot om at det var stor usikkerheit i estimata av gytebestanden, noko som også viser igjen i ei moderat nedskriving og utflating av toppen på gytebestanden.

Mer sei

For nordaustarktisk sei gir forskarane råd om å auke kvoten med 15 prosent.

- Gytebestanden hadde en førebels topp i 2016, og skal den aukast ytterlegare er det avhengig av innkomande årsklasser, som er vanskeleg å få målt, seier Dingsør.

For dei andre arktiske fiskeslaga er det mindre endringar.

Det er norske og russiske havforskarar som hentar inn grunnlagsdata som ligg til grunn for å kvoteråda.