I eit anonymt kontorlokale i Ørsta sentrum ligg administrasjonen for to selskap i stor vekst. Frøy Vest og Frøy Vest Rederi har no gjort endringar i leiinga for å legge til rette for vidare vekst og ekspansjon.

– Det er utfordrande når ein veks veldig fort. Difor blir administrasjonen styrka for å handtere veksten på ein best mogleg måte, seier Joar Gjerde som er tilsett som ny dagleg leiar for dei to selskapa.

Gründer vil selje seg ut

Selskapa driv med servicearbeid for havbruksnæringa, samt med dykkarinspeksjonar. Største kontraktane har dei innan fiskeoppdrett.

– Omsetninga var i fjor på 200 millionar kroner, og er dobla kvart år siste åra, seier Torstein Holsvik som i 2001 var ein av dei som starta Møre Dykkerservice. Dei fusjonerte seinare med Vest Dykkerservice i Måløy og Sunnfjord Dykkerservice i Florø, før dei blei kjøpt opp av Frøy-gruppa på Frøya.

– Eg har vore dagleg leiar i 15 år, og det er på tide å sleppe andre til. Det er lurt å få andre auge inn, seier Holsvik om årsaka til avgangen.

Han eig framleis 18,5 prosent, men seier at det ligg i korta at han skal selje seg ut.

– Eg skal over i ei anna stilling og jobbe med vidareutvikling. Det vil kome spennande ting til hausten og våren, seier han, utan å ville vere meir konkret. Holsvik understrekar at han går av etter eige ønske.

(saka held fram under)

Kjem frå offshore

Joar Gjerde (42) og busett på Hareid. Han er utdanna siviløkonom og kjem frå stillinga som salssjef i ABB Marine, der han har jobba globalt innan sal og marknadsføring av utstyr til offshorefartøy. Han har tidlegare vore salssjef ved Ulstein Verft. Og han gler seg no til å jobbe med lokalt næringsliv.

– Dette blir spennande. Eg har jobba i eit stort internasjonalt konsern, og dette er noko heilt nytt. Nøkkelen er å ta med det beste derifrå og vere med og utvikle selskapet, seier han.

Frøy-gruppa har også sikra seg ein røynd mannskapssjef. Brit Ytrebø (51) frå Herøy har 20 års erfaring frå reiarlag og har siste ti åra vore mannskapssjef i REM Maritime AS.

– Sidan 2014 har eg stort sett vore med på å bemanne ned. Og det er alltid kjekkare å bemanne opp, seier Ytrebø.