– Det har meldt seg folk som er interessert i å kjøpe. Nokre har bede om teknisk synfaring, men eg har ikkje fått inn konkrete bod, sa advokat Thore Heggen til Sunnmørsposten laurdag. Han har fått jobben som bustyrar etter konkursen.

Ein av dei som skal vere interessert er forretningsmann John Olav Lefdal. Dei andre skal vere lokale folk frå Selje, Vågsøy og Eid.

Det melder NRK Sogn og Fjordane.

– Eg har blitt invitert inn, og takka ja. Dette er seriøse dyktige folk som ynskjer å satse på reiselivet i Nordfjord, seier John Olav Lefdal til NRK.

Før kravfristen er ute har bustyrar fått inn krav på rundt 14 millionar kroner, det meste frå panthavar. Største kreditor er Sparebanken Vest, og Heggen jobbar no saman med dei for å få til eit opplegg slik at ein kan få selt eigedomen og få ny drift.

Tre sikta for brannstifting

Tre brør er sikta for brannstiftinga. Direktøren på Selje Hotel har vedgått å ha sett fyr på hotellet 25. november i fjor. Alle er framleis fengsla i varetekt. To av brørne nektar straffskuld.

Politiet tek sikte på at dei tre blir varetektsfengsla heilt fram til ei tre veker lang rettssak startar 18. september, i Sogn og Fjordane tingrett i Førde.

<strong>Lefdal:</strong> John Olav Lefdal driv Dreamline Yachts AS. Foto: Terje Engås