Desse bedriftene, og ei rekke andre, er dyktige på innovasjon, og dei reknar seg sjølv som marknadsleiar i sine segment.

Men kvar er dei nystarta vekstbedriftene, spurde Hans Petter Hildre ved NTNU i foredraget sitt.

– Vi vinn NM og EM i studentbedrifter. Men mange nystarta bedrifter får berre ein og to tilsette. Kvar er vekstbedriftene? Kvar er det nye Olympic og Farstad, spurde Hans Petter Hildre.

– Agnar Mykle skreiv om sunnmøringen at spikrar du han opp på flate fjøsveggen, så tar han til seg næring, veks og blir feit. Før var sunnmøringen kjend for hardt arbeid og å vere nøysam. Byrjar det å gleppe? spurte Hans Petter Hildre på konferansen Næringsdriv i går.

Har det for godt?

Han viste til at mange studentar har jobb kanskje eit år før dei er ferdig.

– Og kompisane deira har allereie hytte og det meste. Det er ingen som vil bli entreprenør då. Offshoreindustrien har vore altoppslukande. Entreprenørkapasiteten, evna til å skape nye bedrifter, har gått ned, sa Hildre til dei rundt 350 deltakarane på konferansen.

Fire område i Norge

Sidan 2003 er det skapt 860.000 nye arbeidsplassar i Norge, sa Hildre. Men kor mange bedrifter skapt etter 2003 har minst 100 tilsette i dag? Hildre viste fram Norgeskartet.

Fire område utmerker seg: Nordvestlandet, Bergen, Stavanger og Oslo-området.

– Trondheim har ikkje mykje å skryte av, sa Hildre.

– Og Oslo-området grusar oss, sa han.

Et opp arbeidsplassar

Den spesielle utfordringa no er dagens industrielle revolusjon, med robotisering og automatisering.

– Tidlegare revolusjonar skapte arbeidsplassar. Denne et opp arbeidsplassar, sa han.

Dei som lukkast er knytte til ein by eller ei klynge.

– Og vi må bevege oss rasande fort berre for å behalde dagens tal på arbeidsplassar, heldt han fram.

Gammal oppskrift er ikkje nok

Vinnaroppskrifta for dagens bedrifter har vore eit nært samarbeid med både universitet og det offentlege.

– Aldri har det vore så mykje forsking i Norge som no, med prosjekt på langt over ein milliard kroner. Den maritime klynga har klart å kaste seg rundt og finne på mykje fordi dei har stor evne til å innovere. Der er vi veldig god.

Og det vil framleis vere i havrommet at vi har vårt fortrinn.

– Men også entreprenøren må få plass i eit effektivt økosystem for å få til entreprenørskap i dag. Entreprenøren treng eit nært samarbeid med både forsking, det offentlege, investorar og eksisterande bedrifter, la Hildre vekt på.

Sommarskule

Som Sunnmørsposten fortalde torsdag, vil NTNU Ålesund i august tilby sommarskule i samarbeid med prestisjetunge MIT, Massachusetts Institute of Technology. Dette er eit tilbod til gründerar og vekstbedrifter om korleis dei kan lære av dei beste

Først blir det ein sommar-skule i august. Neste trinn er eit 12 vekers program. Dei beste får så eit toårsprogram der bedriftene har tilgang til universiteta sine ressursar.

– Vi kan ikkje berre sitje og håpe at dei nye bedriftene veks, seier Hildre.

Fiskeri- og næringsminister Per Sandberg var på plass. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD
Fiskeri- og næringsminister Per Sandberg var på plass. Foto: NILS HARALD ÅNSTAD