– Eg oppdage jo med gru at ingen vaksne forstod eller var særleg interesserte i temaet stamceller. Så den supervitskapelege actionthrilleren om stamceller som eg var i gang med, måtte eg berre legge bort, fortel teikneserieskapar og forfattar Øystein Runde.

Kloke barn - uvitande vaksne

Faktaboka som han no er aktuell med har tittel «Stamceller. Kroppens superheltar», og er i forfattarens ånd laga som ein teikneserie. Boka er meint for alle over 10 år.

– Eg har vore oppteken av stamceller heilt sidan George Bush la ned forbod mot stamcelleforsking i USA i 2001. Det skjer enormt mykje spennande innan stamcelleforsking, ikkje minst her i Norge. Dette er det viktig at ungane får kunnskap om, så dei ikkje veks opp og blir uvitande vaksne. Vi må starte der, med dei unge, så då laga eg ei faktabok for barn, seier Runde.

– Slik at dei kan lese og forstå actionthrilleren din om stamceller når dei blir store?

– Så dei kan bli litt klokare enn foreldra sine. Den tjukke stammen på treet må vere der for at greinene skal strekke seg i alle retningar. Denne boka kan vere litt av den stammen, seier han.

Verdsleiande forsking

Runde har teikna seg sjølv inn i historia, saman med mellom andre stamcelleforskar Cecilie Gjerde frå Bergen. Ho vann i 2015 Forskar Grand Prix og er ei viktig kjelde og faktasjekkar i boka. Gjerde er tannlege og har klart å dyrke fram kjevebein ved hjelp av stamceller, viser Runde i boka, med teikningar.

– Teikneserieformatet er heilt eminent når det gjeld formidling av forsking. Med teikningar kan ein synleggjere det som er usynleg, og forenkle kompliserte kroppslege prosessar, seier Runde.

Han er open for samarbeid med andre forskarar som kan bidra til fleire faktabøker om andre fascinerande tema. På Rundes eigen ti på toppliste innan forsking står mellom anna leddgikt, resirkulerbare rakettar og sjølvkøyrande biler.

Vikingar neste

– Eg har alltid vore oppteken av slike nerdeting, heilt sidan eg som dinosaurfiksert 10-åring fekk stå fram i lokalavisa med kunnskapen min. Forskingsformidling er gøy, seier Runde.

– Eg lagar gjerne fleire faktabøker for barn, men no er det vikingar alt handlar om, med oppfølgjaren til teikneserien «Olav Sleggja» frå 2009. Vikingar er i vinden som aldri før.