Primus motor for Loen Skylift, Richard Grov, er særs nøgd etter at den spektakulære gondolbana i Loen har vore i drift i ein månad. I tillegg til at besøket ligg over det ein forventa, meiner Grov at ein allereie kan sjå gondoleffekten elles i regionen.

– Dei fleste gjestane bur i Loen eller plassane rundt her, men eg har snakka med kollegaer andre stader i regionen som seier at dei har opplevd meir besøk tidleg i sesongen. Samstundes merkar vi at det allereie er juli-tendensar i trafikken på vegane, seier Grov til smp.no.

Les stor reportasje: Heis til himmels (for abonnentar)

24.000 turar

Grov og kompani venta kring 55.0000 besøkande den første sesongen – og inkludert tala for sist helg, har kring 12.000 teke turen til Loen Skylift så langt.

Fordi mange av gjestane til dømes går klatreruta Via Ferrata opp og tek gondolen ned att, har dei begynt å nytte talet for kor mange turar det er snakk om. Sidan opninga den 20. mai er talet på turar så langt på kring 24.000. Målet er 110.000 turar i løpet av sesongen.

– Det er veldig spennande tal. Og det er jo fyrst no sesongen eigentleg startar, påpeiker Grov.

(saka held fram under)

– Rørande inntrykk

Grov sitt inntrykk er at det fleste besøkande så langt har vore frå nærmiljøet og Nordvestlandet. Men det har mellom anna også ankra opp ein mindre cruisebåt i bukta i Loen som sende alle gjestane opp til fjells.

– Når det gjeld besøk av cruiseturistar frå andre stader, reknar vi med at operatørane treng litt tid på å opparbeide den strukturen, seier han.

Les meir:

Sjå video: Bli med gondolen utfor stupet

Dronninga fortalde om høgdeskrekken og opna gondolbana

Meir enn to av tre kroner går til lokale bedrifter

Det som likevel har gjort mest inntrykk på Grov er folk som til vanleg har vanskeleg for å kome seg til fjells.

– Det er rørande så sjå korleis mange reagerer når dei får oppleve høgfjellet på denne måten. Vi hadde til dømes eit par frå Bergen som hadde ulike utfordringar. Dei sat å gret på veg ned, og takka kabinføraren hjartans for turen, seier Grov.

Merkar tidlegare sesongstart

Reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord stadfestar at gondolbana allereie gir ringverknader, sjølv om dei ikkje kan talfestast så langt.

– Loen Skylift er eit glimrande døme på korleis sesongen blir utvida, og det er ingen tvil om at vi ser ein positiv effekt for heile Nordfjord. Slik sett er dette ein kjempestart, seier ho til smp.no.

(saka held fram under)

Også ved Gloppen Hotell merkar dei at sesongen ser lovande ut:

– Sesongen har starta litt før enn til vanleg og vi har fleire bestillingar. Det er nok ingen tvil om at Loen Skylift er med å dra folk og skapar ringverknader, sjølv om vi ikkje kan talfeste dette konkret, seier salssjef Joachim Scobie til smp.no.