Loen Skylift:

12.000 til fjells første månad - og fleire merkar gondoleffekten

Allereie etter ein månad nærmar Loen Skylift seg ein firedel av forventa besøk for første sesong.

Godt besøk Richard Grov saman med dronning Sonja som opna gondolbana i Stryn den 20. mai. For å gå i balanse i år treng gondolbana 42.000 besøkande. Etter siste helg har allereie kring 12.000 besøkande teke turen tusen meter til værs på fjellet Hoven i Loen. Arkivbilde  Foto: Anne Bett Roald

Nyheter

Primus motor for Loen Skylift, Richard Grov, er særs nøgd etter at den spektakulære gondolbana i Loen har vore i drift i ein månad. I tillegg til at besøket ligg over det ein forventa, meiner Grov at ein allereie kan sjå gondoleffekten elles i regionen.