– Flagga ligg klare på skulen. Dette har vi venta på i over 50 år, seier han.

Det er ikkje lenge sidan regjeringa gav grønt lys til Nordøyvegen til 3,8 milliardar kroner. I heile går vart Nasjonal transportplan diskutert i Stortinget.

– Det er uverkeleg, seier Kathrine Fjørtoft.

Ho bur på Haramsøya og er lærar ved skulen på øya. Begge følgde med på debatten i går.

Rekke jobben

Også Janita Kjerstad på Lepsøya gler seg til Nordøyvegen er ferdig.

– Reisetida til jobben i Brattvåg blir det halve. Og i helgene kan eg vere på jobb når eg skal, klokka sju, i staden for kvart på ni, seier ho.

Eit større øysamfunn

– Nokon seier at 130 kroner i tunnelavgift er litt dyrt. Men det er gratis for alle passasjerar i bilen. Så då treng det ikkje bli så mykje dyrare enn ferja, seier to damer i ein bil på veg om bord i ferja.

Dei knappe 3.000 øybuarane slepp i alle fall å betale når dei køyrer mellom øyane.

– Det blir eit større øysamfunn. Folka på øyane har mykje same mentaliteten, med stå-på-vilje, og som bryr seg. Det kjem til å bli lettare å få til ting, og lettare å satse der ute, seier Kenneth Ulla.

Illustrasjon Rundkjøring mot Hestøya. Nordøyvegen. De undersjøiske tunnelene får kun 25 meter overdekning med fjell. Foto: Statens vegvesen

Bustadboom?

Den heilt store bustadboomen har han for så vidt ikkje tru på.

– Om 20 år er kanskje befolkninga 4.500, spår rektoren ved skulen på Haramsøya.

– Kva med dei som syns at 3,5 milliardar kroner er i meste laget for såpass få menneske?

– Dette er pengar som ikkje kunne vore brukt til noko anna enn ferjer. I tillegg er vi jo med på å betale. Og Nordøyvegen vil gje verdiskaping på øyane, seier Ulla.

Spaden i jorda i haust

Prosjektleiar Marianne Nærø har i to år vore prosjektleiar for Nordøyvegen. Foto: Arkiv Johan Behrentz

Marianne Nærø er prosjektleiar for Nordøyvegen. Det er to år sidan ho vart tilsett i stillinga.

I dag sender jo dei fire første delprosjekta ut på anbod. Dette er fire mindre kontraktar. På Austnes, Fjørtofta og Myklebust skal det gjerast klart før tunneldrivinga. I tillegg skal det byggjast anleggsveg ved Skjelten.

– Oppstart kan bli i oktober, seier Nærø.

Deretter blir kontraktane for bru og tre undersjøiske tunnelar utlyst ut på nyåret. Til slutt er det elektroinstallasjonane, med utlysing av kontraktane i 2019 etter planen.