I staden for å vente til si eiga oppsette tid, snik Sting seg på scena allereie under sonen Joe Sumner si oppvarming.

«Eg tenkte eg skulle kome fram og seie "hei"», seier kveldens hovudperson, før han saman med junior syng ein av dei finaste balladane frå fjorårets nye album 57th & 9th. Sjølv om det meste fungerer godt, er det noko som skurrar litt her. Kanskje er det (i alle fall delvis) grunna noko ekko frå høgtalarane, men harmoniane i refrenget verkar ikkje heilt reine i kveld. Samtidig kan ein merke seg allereie no at far og son Sumner har veldig lik sangstemme, så, når ekkoet er under kontroll kan tostemte songar mellom desse to bli rett så imponerande.

Terningkast: 4

Synchronicity II

Konserten blir offisielt opna med ein Police-klassikar. Songen omhandlar ein familiefar i intern krise og har eit hardt, røft driv som speglar karakterens sin angst. Her det meste som det skal. Framføringa er aggressiv og skarp, og heile bandet slår hardt frå seg. Men er ikkje tempoet litt slakkare enn det skal vere? I dei råaste partia gjer dette ingenting, men i overgangen frå vers til refreng tapar songen litt energi. Og sjølv om Sting sin vokal for det meste er akkurat passe rå og kraftfull er her også parti der han tapar noko styrke og den sterke teksten kjem litt bort.

Terningkast: 4

Foto: NILS HARALD ÅNSTAD

If I Ever Lose My Faith in You

Sting med band følgjer opp med eit ganske drastisk rytmebytte. Her er vi rett over i pop-sjangeren, med lettare, snillare instrumentering. Og no sit vokalen betre. Sting ser ut til å kose seg på scena, syng klokkereint og formidlar godt alle kjensler som ligg gøymd i songen. Han får til og med det regnvåte publikummet med på litt allsong.

Terningkast: 5

Spirits in the Material World

Enno eit rytmeskifte, gjennom nok ein Police-hit. Denne songen har også interne rytmeskift, frå jamaikansk ska i verset, til tradisjonell rock i refrenget. Det ser ut til at publikum taklar det greitt. Sting sitt funky, dansevenlege bassriff er herleg godt høyrbart frå første stund, men vokalen druknar litt innimellom. Når Dominic Miller får skine med gitarvariasjonane over hovudmelodien kan ein godt tilgi dette, men avslutninga på songen kunne godt vore litt skarpare.

Terningkast: 5

Englishman in New York

Heilt klart ein av Sting sine signatursongar som soloartist, og ein publikumsfavoritt her i kveld. Endeleg kom ein song sjølv ein halvhjarta konsertgåar kan synge med på. Og allsong manglar det ikkje på no. Sjølvsagt kan ein sakne den ikoniske saksofonen til Branford Marsalis, men her er det så mykje formidlingsglede og god stemning at det verkar småleg å henge seg opp i kva som manglar heller enn kva ein får. Og det vi får er knallsterke vokalprestasjonar, skarpe, oppkvikkande trommer og dansestemning blant publikum. Jubelen står i taket.

Terningkast: 6

I Can't Stop Thinking About You

Kveldens andre song frå albumet turneen er oppkalla etter. «I Can’t Stop Thinking About You» er 57th & 9ths førstesingel og samanfattar godt tonen i Stings første utprega rockealbum på 13 år. Det var truleg lurt å plassere denne etter Englishman in New York på settlista. Publikum klappar songen i gong og verkar glade for å få nok ein dansevenleg rockar. Songen har blitt framført i fleire ulike versjonar det siste året, men han fungerer best når han blir framført som i kveld, med fullt band og høg lydstyrke. Sjølv dei som ikkje har høyrt songen før i kveld må bli fenga av det drivet som kjem frå bandet og den formidlingsgleda Sting utviser. Det er tydeleg at alle kosar seg no.

Foto: MARIUS SIMENSEN

Terningkast: 5

Every Little Thing She Does Is Magic

Etter ein kjapp og effektiv introduksjon av bandet kjem Sting tilbake til The Police, med ein skikkeleg monsterhit. Nok ein gong får vi allsong og dansing, både hjå publikum og på scena. No sit alt som det skal. Vokalprestasjonane er det i alle fall ingenting å seie på. Sjølv vokalakrobatikken i slutten av songen er feilfrie.

Terningkast: 6

One Fine Day

Dette er, etter mi meining, den sterkaste songen på 57th & 9th. Teksten er ei bøn om vettuge reaksjonar på klimakrisa vi står ovanfor, og vokalen blir framført med like stor kjensle av hast som det teksten formidlar. Med det meiner eg at det er særs lite rom for pustepausar i denne songen. Vers glir over i refreng utan eit sekunds opphald i vokalen, først etter refrenget er det rom for å trekke pusten i eit kort mellomspel. Det er derfor imponerande at ein 65-åring har kondis til å halde tonane så godt, og så reine, med så få pustepausar. Spesielt imponerande er vokalprestasjonane i brua, der sjølv ein som er halvparten så gamal vil slite med å synge med utan å bli andpusten. Yoga er tydelegvis effektive greier.

Terningkast: 5

She's Too Good for Me

Kveldens første «deep cut» kjem frå 1993s «Ten Summoner’s Tales». Songen er som ei krysning mellom pop og rock og kombinerer ei ganske flåsete tekst med eit hardt rytmisk driv. Her er det bandet sin tur til å få køyrt seg. Dei leikar seg med crescendoar og de crescendoar og drastiske rytmebytte mellom bru og resten av songen. Soloar på både trekkspel og gitar er også med på å heve inntrykket av låta. Likevel… Det er noko som skurrar med vokalmiksen igjen… Når koristane kjem inn i refrenget, er det vanskeleg å plukke opp kva som eigentleg blir sunge. Dette gjer at songen aldri heilt når det potensialet den hadde.

Foto: nils harald ånstad

Mad About You

Eit utdrag frå eit heller dystert konseptalbum, om tapet av Stings far (1991s «The Soul Cages», forresten det første albumet gitarist Dominic Miller var med på). Det mørke, nesten heimsøkjande strykartemaet songen byggjer på er i kveld framført på gitar, utan at det skjemmer låta på noko vis. Tvert imot. Dei få gongene ein kan høyre gitartemaet er songen noko av det mest interessante vi har fått servert i kveld. Det er berre synd han druknar i lydane frå dei andre instrumenta mesteparten av tida. To gode soloar trekk også denne songen litt opp igjen, men han hadde unekteleg vore sterkare om vi fekk høyre meir av songens signaturtema.

Terningkast: 4

Fields of Gold

Her skin Sting som vokalist igjen. Framføringa er var og fin, med ein nær og øm stemmebruk. No sit harmoniane med sonen Joe Sumner betre òg. Og trass i regnet kan ein nesten kjenne sola frå rugåkrane i det songen tonar ut. Alt i alt ei fin og kjensleladd framføring. Eit fint lite høgdepunkt.

Foto: nils harald ånstad

Terningkast: 6

Petrol Head

Kanskje 57th & 9ths mest utprega rockenummer. Publikum er utan tvil klar for den slags. Heile stadion ristar i det Sting sparkar songen i gong, og når refrenget ljomar frå høgtalarane er det vanskeleg å unngå å røre på seg. Det er litt av ein overgang frå vakre, vevre «Fields of Gold», men Sting beherskar sjangerbyttet godt. Borte er den varme stemma frå i stad, her er det full trykk og rå, hes rock som gjeld.

Terningkast: 5

Shape of My Heart

Kveldens fjerde song frå «Ten Summoner’s Tales» er den einaste songen på settlista som er skriven saman med ein annan artist, nærmare bestemt gitarist Dominic Miller. Millers forsiktige, sårbare gitartema er det som bær heile songen og høyres heldigvis godt på stadion i kveld. Publikum er rett nok ganske høglytte på dette tidspunktet, men det påvirkar heldigvis ikkje bandet på scena si tolking av songen. Dei gjer han stille, intimt og kjensleladd. Vi får med andre ord ei knallsterk framføring av ein song dei fleste Sting-fans har eit sterkt forhold til.

Terningkast: 6

Message in a Bottle

Det er tid for nok ein Police-klassikar, gjennom ein av Sting sine personlege favorittsongar. Her har alle instrumenta på ny ein sjanse til å skine. Det er spesielt herleg å høyre at Josh Freese kan traktere trommene like godt som the Polices Stewart Copeland. Han får også god hjelp av publikum, som for alvor har vakna no og klappar med heile siste halvdel av songen. Elles gjer det mykje for heilskapsinntrykket at Sting sitt bassriff er så godt høyrbart. Samla sett gir dette songen den ekstra spissen han treng for å skile seg ut som eit av kveldens høgdepunkt.

Terningkast: 6

Ashes to Ashes

Ein kjapp skål til publikum, så er det Joe Sumner sin tur til å styre showet igjen, med ein cover av ein av David Bowie sine største hits. Songen blir i første vers framført i nedstrippa versjon, med berre vokal og gitar, før trommer og bass slenger seg på så snart «Major Tom» blir nemnd. Det er ein grei coverversjon, men han tilfører ikkje songen så mykje nytt.

Terningkast: 4

50,000

«Rock Stars don’t ever die, they only fade away», syng Sting. Han burde vel vite det, han. Songen er ei hylling av alle heltene vi mista i løpet av fjoråret, frå Prince & Glenn Frey til Lemmy og David Bowie. Det passar derfor godt at han kjem via ein overgong frå nettopp Bowies «Ashes to Ashes». Songen druknar nok likevel litt i det han manglar noko av den krafta han har på plate.

Foto: nils harald ånstad

Walking on the Moon

Enn at det skulle bli så bra musikk ut av ein song Sting skreiv i fylla? Dette er ein av dei mest utprega reggae-songane til the Police, men her er også sterke innslag av jazz, gjennom det seige, funky bassriffet. Det er derfor herleg å høyre at volumet på bassen har blitt skrudd opp ganske kraftig i kveld. Det er sjeldan ein får høyre bassduren så godt som vi får her og no, og det kjennes så herleg! Elles er dette kanskje songen som meir enn nokon annan utnyttar Stings signatur-vokal, med sterke variasjonar i lydstyrke og tonar i eitt og same ord. Desse vokalvariasjonane greier han like godt i dag som på plate, han utnyttar også mulegheita til å få publikum til å gjere litt av jobben for seg. Det funkar godt, det.

Terningkast: 6

So Lonely

Vi følgjer opp med enno ein Police-klassikar, frå debutalbumet «Outlandos s’Amour» (1978). Dei nesten overdrive høge tonane frå studioversjonen er naturleg nok bytta ut med ein mindre anstrengt, mørkare vokal. Det kler songen godt. Både Sting og bandet gir alt og gjer sitt beste for å gi heile stadion bakoversveis. Spesielt trommis Josh Freese får verkeleg køyrd seg, men utfører oppgåva godt og slår hardt frå seg på alle dei rette plassane.

Terningkast: 6

Desert Rose

Heilt klart ein av de betre songane frå Sting sin nyare katalog, og ein personleg favoritt for underteikna. Han fungerer nok best på plate, så lenge Sting ikkje har med seg duettpartnar og raï-songar Cheb Mami på scena. Saknet etter Mami sin vokal blir nødvendigvis stort, men framføringa i kveld er likevel sterk nok til å gi frysningar over heile kroppen når harmoniane set inn i. Det som skadar heilskapsinntrykket meir er at bandet verkar litt for oppjaga etter førre rockenummer og no ikkje heilt greier å finne roa i dei sartare partia av songen dei no er i gong med. Dette gjer at framføringa verkar litt stressa og noko ujamn.

Terningkast: 4

Roxanne / Ain't No Sunshine

Det er på tide med ein skikkeleg Police-klassikar igjen. Det merkas at Sting har stått på scena ei stund no. Stemma er ikkje like klokkerein som tidlegare i kveld og pustepausene kjem litt oftare, sjølv om det er vanskeleg å vite om akkurat det er med vilje eller ikkje. Etter to vers glir så songen over i Bill Withers «Ain’t No Sunshine», via eit jazzprega mellomparti, før han går over i "Roxanne" igjen . Han har i alle fall med seg publikum, det kan det ikkje vere tvil om. Etter mi meining kunne overgangen mellom dei to songane likevel vore noko sterkare. Ingen av dei to songane får eigentleg skine så sterkt som dei burde gjennom denne løysinga.

Terningkast: 4

Ekstranummer: Next to You

Denne Police-rockaren gjer seg utruleg godt som ekstranummer. Her får vi sterkt driv, mykje trykk og ein kledeleg røffare vokal som er med på å gi heile stadion lyst til å danse, eller i alle fall trampe litt med foten. Sting brukar stemma for det ho er verdt og syng med ein akkurat passe røff og hes vokal. Også bandet køyrer på med alle krefter dei har att, og får nok ein gong stadion til å riste. Akkurat slik den skal under ei skikkeleg rockeframføring.

Terningkast: 5

Ekstranummer: Every Breath You Take

Endeleg kom songen alle har venta på. Stings ode frå ein forfølgjar blir møtt med sterkare applaus enn nokon annan song i kveld, og han tek forventingane på alvor. Instrumentmiksen er perfekt, gitarriffet alle kjenner høyrer best av alt, men også trommene og bassen kjem godt nok fram gjennom høgtalarane. Uttoninga er feilfri, så feilfri at Sting ikkje kvir seg for å repetere den lengre enn dei fleste andre artistar hadde turt å gjere med liknande hits. Det funkar kjempebra, det.

Terningkast: 6

Avslutningsnummer: Fragile

Eit perfekt avslutningsnummer. På scena står Sting åleine med mikrofon og gitar og tek avskjed med oss. I alle fall er det tanken. Samtidig verkar han så inne i sin eigen musikk at han knapt ser ut til å ense publikum. Songen er sår og vakker, framføringa likeså. Det er ikkje ein urein tone å spore, og det kan ikkje vere tvil om at Sting verkeleg meiner det han formidlar no. Dette kom rett frå hjartet. SÅ får vi håpe avskjedsorda hans gjorde det òg: «We’ll see you again soon!», sa han, så var han borte.

Terningkast: 5