Du treng ikkje lenger reise nordover for å bli kvitt studiegjelda.No innfører Vanylven sitt eige «Finnmarksfradrag», skriver Vanylven kommune i ei pressemelding.

For kvart år du jobbar i kommunen, vil Vanylven betale 15 prosent av studielånet ditt, avgrensa til 28.000 kroner årleg.

Første kommune

Vidare vil kommunen lokke med høgare startløn for kvalifiserte søkarar til stillingar som lærar, sjukepleiar, førskulelærar og andre fagfolk som trengs i kommunen.

Dei nye rekrutteringstiltaka blei vedteke av eit samrøysta kommunestyre.

Naturperle I tillegg til økonomiske fordelar håper rådmann Nørve at naturen vil lokke fleire unge folk til å busette seg i kommunen. Syltefjorden i Vanylven kommune med Sylte og Fiskå i bakgrunnen. Foto: Knut Arne Aarseth

For å bli ein del av ordninga må ein vere folkeregistrert i kommunen, bli tilsett og vere busett der i minst 12 månader.

Spent på effekt

Gjermund Kvernmo Langset er leiar forStudentparlamentet ved NTNU i Ålesund. Tomrefjordingen erpositiv til at Vanylven går nye vegar.

– Eg tykkjer det er positivtat det vert innført tiltak, men eg er usikker og spent på om detfår ynskja effekt, det vert spanande å sjå, seier Kvernmo Langset ifølgje pressemeldinga.

Modellen er inspirert av den statlegeordninga med «Finnmarksfradraget» for sju kommunar i Nord-Troms ogalle kommunane i Finnmark.

– Vi søkjer heiletida å finne kreative løysingar for å tiltrekkje oss kvalifisertarbeidskraft. Vi er spent på effekten av vårt «Finnmarksfradrag»,men har stor tru på at dette vil vere attraktivt, seier rådmannen.