76-åringen vaks opp i Bø i Vesterålen og kom til Sunnmøre då han starta i Sævik Supply tidleg på 1980-talet.

– Eg blei teken i mot som ein i familien og raskt kjent med dei fleste. Og miljøet der i nord og her på Sunnmøre er eigentleg ganske likt, fortel han.

President Richard Gjerde i shippingklubben tok tilhøyrarane gjennom det langstrakte livet til sjøs som Endresen har vore gjennom.

Etter studiedagane med mellom anna styrmannskule i Tønsberg, sjøkrigsskule i Bergen og økonomiutdanning ved Agder-universitetet segla han i yngre dagar både på MTB i Forsvaret og på ulike tank- og bulkbåtar.

Gjerde trekte fram Endresen som ein pådrivar i utviklinga av offshoreverksemda sidan 1980-talet, og han har vore både i Kr. Jebsens Shipping, TFDS Offshore, Remøy Management, Rem og Neptune Offshore. Han har vore med å starte utdanning innan skipsmekanikk i Herøy – der han vart lærar. Han også vore aktiv i lokalpolitikken for Høgre og vore med i Herøy Mannskor.

Tildelinga av ærsmedlemskap i klubben skjer årleg på bakgrunn ev grunngjevne framlegg frå styret sine medlemmar.