– Stranda kommune ser her ut til å bryte dei fleste vilkår sett i skadefellingsforskrifta.

Det skriv Martin Eggen i NOF i eit brev til Stranda kommune. Han meiner difor løyvet straks må trekkast tilbake.

Dette grunngjev han med at det ikkje går fram av vedtaket kva for førebyggande tiltak som er gjort, skadeomfang er ikkje vurdert, og vedtaket seier heller ikkje noko om antal eller omfang. NOF etterlyser også ei vurdering etter naturmangfaldlova, ettersom fiskemåse er ein art på raudlista.

I staden kjem NOF med framlegg til tiltak, som å spenne liner over taket, eller å tilby alternative hekkeplassar.

I Sykkylven har fylkesmannen nyleg gikk løyve til avliving av fiskemåse, etter at Norges Miljøvernforbund og NOAH klaga på vedtaket.